- Ei vidare utvikling og kommersialisering av prosjektet ville for oss innebere ei stor investering vidare i form av oppbygging av ein større organisasjon både heime og ute.
- Ut frå det tilbodet som no kom på bordet, fann vi det rett å akseptere dette og la andre store seafoodaktørar drive prosjektet vidare, seier Teige i en pressemelding.
Salet er gjort gjennom Teige sitt investeringsselskap Kaston International.
Etter å ha testa det norske fôret i Japan sidan 2014 fekk selskapet i fjor ein avtale med det japanske Mitsubishi-konsernet om produksjon av fôret i Japan.
I tillegg til Japan har Kaston lisensavtalar for fôrproduksjon også i Canada og USA.
Fôret er utvikla av Nofima, men det er Kaston International som har stått for kommersialiseringa av produktet, og marknadsført kråkebollesatsinga under varemerket Urchinomics.
- Vår utvikling av prosjektet har vore ei reise frå idé til marknad, og vert opplevd som eit godt eksempel på korleis resultat frå forsking er utnytta til innovasjon i bedrifter, støtta av Innovasjon Norge.
- Kombinasjonen av ei kommersiell løysing som treff høgkvalitetsmarknader og berekraftige produksjonsmetodar har gjort dette prosjektet unikt, seier Teige.
- Ut frå det tilbodet som no kom på bordet, fann vi det rett å akseptere dette og la andre store seafoodaktørar drive prosjektet vidare, seier Teige i en pressemelding.
Mitsubishi
Teige opplyser ikkje kven som har kjøpt kråkebollesatsinga, men truleg er det ein asiatisk aktør.Salet er gjort gjennom Teige sitt investeringsselskap Kaston International.
Etter å ha testa det norske fôret i Japan sidan 2014 fekk selskapet i fjor ein avtale med det japanske Mitsubishi-konsernet om produksjon av fôret i Japan.
Fleire lisensar
Japan er verdas største kråkebollemarknad, men Teige har også inngått lisensavtale med den norske forskingsinstitusjonen Nofima om retten til å produsere kråkebollefôr i Australia og New Zealand.I tillegg til Japan har Kaston lisensavtalar for fôrproduksjon også i Canada og USA.
Fôret er utvikla av Nofima, men det er Kaston International som har stått for kommersialiseringa av produktet, og marknadsført kråkebollesatsinga under varemerket Urchinomics.
Frå idé til marknad
Fôret er eit spesialfôr berekna på oppdrett av villfanga kråkebollar. Det har eigenskapar som gjer at kråkebollane kan auke rogninnhaldet frå fem til 25 prosent.- Vår utvikling av prosjektet har vore ei reise frå idé til marknad, og vert opplevd som eit godt eksempel på korleis resultat frå forsking er utnytta til innovasjon i bedrifter, støtta av Innovasjon Norge.
- Kombinasjonen av ei kommersiell løysing som treff høgkvalitetsmarknader og berekraftige produksjonsmetodar har gjort dette prosjektet unikt, seier Teige.
Ut frå det tilbodet som nå kom på bordet, fann vi det rett å akseptere dette
Publisert: 28.09.2017 08:43
Sist oppdatert: 30.03.2021 08:31