Har selt store delar av bustadprosjekt
NYTT SENTRUMSBYGG: Tre nye bustadblokker kjem i Bjørndalvegen i Ulsteinvik sentrum. Investor Jogeir Romestrand (innfelt) har sjølv tenkt å bu her. 
Nytt

Har selt store delar av bustadprosjekt

Det er stor interesse for 43 nye bustader i Ulsteinvik. Investor Jogeir Romestrand har sjølv sikra seg ein i toppetasjen og er spent på korleis ei ny sentrumstrapp vert teke i mot. 

Marius Rosbach
19.06.2019
Rome AS står bak prosjektet Bjørndalvegen Park, som er i ferd med å ta form som tre nye bustadblokker i sentrum. Bygget er i ferd med å ta form og nyleg kom ytterveggane på plass.

– Vi hadde ei visningshelg for nokre veker sidan og då opplevde vi fantastisk interesse. No har vi selt meir enn 70 prosent av leilegheitene, fortel Jogeir Romestrand til NETT NO.
Dei minste leilegheitene er på kring 35 kvadratmeter medan dei største er på meir enn 120 kvadratmeter. Prisane startar på drygt halvannan million kroner og går oppover til fem-seks millionar.
Les også:

«Bytrapp» mot parken

På få år er det sentrale sentrumsområde i Bjørndalsvegen knapt til å kjenne att. Bustadbygget har reist seg på tomta der det sist lå ein YX bensinstasjon tvers overfor Ulstein Arena. Med det seks etasjer – to delvis under bakkenivå - vert det fleire endringar.

Romestrand er spent på kva folk vil synest om ei stor trapp som vert plassert mellom to av blokkene.
– Det blir ei spesiell bytrapp som nærast blir som ein skulptur. Vi har brukt mykje energi og pengar på den biten, og det blir som ein portal til parken bak, fortel Romestrand.
Investoren er overtydd om at prosjektet vert ein positiv tilvekst til den vesle kystbyen.
– Vi har også lagt vekt på ein god dialog med naboane, slik at det vert best mogleg for alle.

Har sikra seg toppleilegheit

Mange av dei nye bustadene som er bygd i Ulsteinvik dei siste åra, er kjøpt av godt vaksne folk frå bygdene omkring. Romestrand seier det er ulike type folk som har vist interesse for deira prosjekt.
– Det er litt forskjellig, og det er både unge og eldre, seier han - og legg til at han sjølv har sikra seg ein av toppleilegheitene som han tenkjer å bu i.
Etter planen skal folk kunne flytte inn i sine nye bustader ved starten av neste år. Det er lagt stor vekt på klimavennlege løysingar, og både for tappevatn og oppvarming av bustadene vert det nytta energi frå Ulstein fjernvarme.

Publisert: 19.06.2019 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36