Skutvika oversikt mot ost foto DNB Naeringsmegling
DNB Næringsmegling er engasjert for å selge Skutvika-tomta på vegner av Ålesundregionens havnevesen. Dei håpar på eit sal av det kring 50 mål store området før sommaren. Foto: DNB Næringsmegling
Nytt

Har sendt ut Skutvika-prospekt til aktuelle kjøparar

Meklar fryktar det blir starta i feil ende med utbygging som kan gi 500 nye bustader i Ålesund.

Marius Rosbach
17.04.2025

I løpet av få månader kan eit område med plass til 500 bustader sentralt i Ålesund få ny eigar.

Prospektet for området på kring 50 mål i Skutvika, er i desse dagar sendt ut i marknaden. DNB Næringsmegling har fått oppdraget med salet og håpar å vere i mål med eit sal til sommaren.

– Det er ikkje mange plassar ein får moglegheit til å utvikle eit slikt område. Her er tilgang til sjøen og området opnar opp byen mot sør, seier John Edvin Arnstad til Nett No.

Han er direktør for DNB Næringsmegling si verksemd i landsdelen med base i Trondheim.

I prospektet blir det invitert til ei ope bodrunde med frist 14. mai. Målet er oppgjer og overtaking i juni/juli.

Legger detaljert plan for framtidas Skutvika
NY BYDEL: Slik ser ein føre seg av Skutvika kan bli bygd ut. Det som inntil kort tid sidan var ei konteinerhamn, kan bli ein ny bydel med plass til 500 bustader. Illustrasjon: Slyngstad Aamlid arkitekter

Kan kjøpe delar eller heile
Lengst vest ligg to areal som er peika ut som naturlege områder å starte med, omtala som BKB1 og BKB2. Potensielle kjøparar kan også legge inn bod berre på desse. 

Her er det anslått at det er mogleg å bygge 11-12.000 kvadratmeter med bustader og drygt 1000 kvadratmeter næringsbygg.

John Edvin Arnstad meiner det vil bli ein god start for utviklinga av det som blir ein ny bydel. 

Han seier kvart enkelt utbyggar må avgjere kva tempo ein legg opp til, men ofte ser dei at den er noko høgare i startfasa. 

– Skutvika kan samanliknast med andre liknande unike byområde, der ein opplever ein større etterspurnad når utbyggjarane har ein heilskapleg plan, seier Arnstad. 

Meiner flaskehals bør løysast først 
Alle er likevel ikkje overtydd om at det blir starta i rett ende med ei storstilt utbygging i Skutvika. Næringsmeklar Odd-Arild Støbakk Sæther i Eiendomsmegler 1 er mellom dei.

– Det er eit alvorleg stort volum, seier han til Nett No om planane som kan gi fleire tusen nye innbyggjarar i ytre bydel. 

Sæther peikar på at planane for bygging av tunnel under Brosundet førebels er uavklart. I dag ligg Hellebroa som ein flaskehals for køyretøy og folk som ferdast til fots mellom bydelane.

Odd Arild Stobakk saether foto Marius
SKEPTISK: Odd-Arild Støbakk Sæther i Eiendomsmegler 1 er skeptisk til å bygge ut i ytre bydel før flaskehalsen med Brosundet er løyst for trafikken. Foto: Marius Rosbach

Meklaren er skeptisk til meir trafikk til ytre bydel, utan at denne utfordringa er løyst. 

Reguleringsarbeidet for den austre delen av tunnelinnslaget blei starta i fjor, men det er høgst usikkert kva tid tunnelen vil bli realisert. 

– Skal vi utvikle eit sentrum med masse bustader, må vi starte i rett ende og avklare utfordringane på samferdselsida, seier han.

Sæther meiner difor det er viktig å halde fram med å utvikle strekningane mellom indre bydelar i aust og sentrum.

– Vinn-vinn-situasjon for Ålesund
Det er Ålesundregionens havnevesen som er seljar av området på til saman kring 50 mål.

Havnefogd Ole Christian Fiskaa er ikkje samd med Sæther, og påpeiker at ein av fordelane med å gjere om Skutvika til ein bydel for bustader, er at ein fjernar tungtrafikken gjennom sentrum til konteinerhamna.

– Dette er ei utvikling som politikarane har bestilt for mange år sidan, og no realiserast planane. Næringslivet får betre utviklingsmoglegheiter og byen får fleire bustader. Dette er ein vinn-vinn-situasjon for Ålesund, svarar han til innvendingane.

Kjøpar tek all risiko 
Skutvika strekte seg tidlegare heilt inn til Skutvikskaret og delte Aspøya i to.

Frå 1950-talet starta ein å fylle ut området. Tomta slik den framstår i dag, kjem av etableringa av konteinerhamna i 1996 – som er flytta til Flatholmen på nordsida av byen.

Eigedomen i Skutvika blir selt «as is», som det heiter i prospektet.

På to områder av tomta er det avdekka forureining som truleg kjem av tidlegare verksemd.

Det første større verftet blei etablert på midten av 1850-talet, og har saman med skraphandlarverksemd truleg stått for det meste av forureininga i grunnen, blir det opplyst i prospektet.

Kjøpar er ansvarleg for å undersøke grunnforholda og all risiko ved eventuelle funn, blir det understreka vidare.

John edvin arnstad
MEIR ETTERSPURT: John Edvin Arnstad, som er direktør for DNB Næringsmegling, fortel at moderne nabolag med servicefunksjonar blir meir etterspurt. Han meiner Skutvika kan by på ein variasjon av bustadtypar og storleikar bunde saman med friområde og uteområde mot fjorden som gjer at ei kan leve eit tilnærma urbant byliv.

Publisert: 17.04.2025 05:00

Sist oppdatert: 16.04.2025 22:24

Mer om