Nytt
Har snudd seg vekk frå møbel
Hos Møbeltre i Sykkylven er det ikkje lenger møbelfabrikkane som sikrar veksten.
09.03.2020
Håvar Tandstad starta Møbeltre i 2001, og selskapet hadde ein nesten samanhengande vekst til 2015/2016. Den tidlegare leiaren for trebearbeidingavdelinga hos Hjellegjerde satsa på å vere leverandør til møbelfabrikkane, med trebearbeiding som spesiale.
Etter 2015/2016 har pilene peika feil veg i møbelmarknaden.
- Det har vore ei ganske kraftig avmatning. Det er mange kundar som har gått kraftig tilbake i innkjøp, seier Tandstad.
- Møbelklynga er i ferd med å forvitre. Den som ikkje finn på noko anna den, er ferdig, seier Tandstad.
Den som skal klare seg må finne lønsame nisjer og/eller vinne innpass i andre bransjar, meiner han.
- Dei som prøver å henge seg på massemarknaden, dei klarer seg ikkje, seier han.
I fjor gjekk salet til møbelprodusentar ned rundt 7-9 prosent anslår Tandstad. Møbeltre hadde likevel ein vekst på omlag seks prosent, takka vere auka sal av skilleveggane sine og har halde arbeidsstokken stabil på i overkant av 20 personar.
Valutaendringane som har gjort livet lyst for mellom andre ei eksportnæring som fisker i har auka prisane for selskap som importerer råvarene.
I tillegg har auka etterspørsel, mellom anna frå byggebransjen, pressa prisane på råvarer oppover og dei siste åra er det råvarekostnaden som har utgjort mest av kostnadsauken, i følgje Tandstad.
Etter 2015/2016 har pilene peika feil veg i møbelmarknaden.
- Det har vore ei ganske kraftig avmatning. Det er mange kundar som har gått kraftig tilbake i innkjøp, seier Tandstad.
Møbelklynga i fare
Utviklinga trugar heile nettverket av bedrifter i møbelindustrien.- Møbelklynga er i ferd med å forvitre. Den som ikkje finn på noko anna den, er ferdig, seier Tandstad.
Den som skal klare seg må finne lønsame nisjer og/eller vinne innpass i andre bransjar, meiner han.
- Dei som prøver å henge seg på massemarknaden, dei klarer seg ikkje, seier han.
Skilleveggar i kontorlandskapet
Møbeltre har satsa på å bygge skilleveggar i glas for kontor. Bedrifta kjøper glasa og lagar sjølv rammene dei skal settas i.I fjor gjekk salet til møbelprodusentar ned rundt 7-9 prosent anslår Tandstad. Møbeltre hadde likevel ein vekst på omlag seks prosent, takka vere auka sal av skilleveggane sine og har halde arbeidsstokken stabil på i overkant av 20 personar.
Dyrare råvarer
Redusert etterspørsel frå møbelprodusentane heng mellom anna saman med utflytting av møbelproduksjon, men og med auka kostnadar.Valutaendringane som har gjort livet lyst for mellom andre ei eksportnæring som fisker i har auka prisane for selskap som importerer råvarene.
I tillegg har auka etterspørsel, mellom anna frå byggebransjen, pressa prisane på råvarer oppover og dei siste åra er det råvarekostnaden som har utgjort mest av kostnadsauken, i følgje Tandstad.
Møbelklynga er i ferd med å forvitre. Den som ikkje finn på noko anna den er ferdig
Publisert: 09.03.2020 14:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54