Har tapt minst 60 millionar
VIDEOMØTE: Fylkesutvalet i Møre og Romsdal møttest via videolink tysdag. 
Nytt

Har tapt minst 60 millionar

Møre og Romsdal fylkeskommune taper mykje fordi færre tek buss og ferje, men fylkesutvalet vil ha tiltak for næringslivet.

Marius Rosbach
24.03.2020
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har tysdag møtet over videolink, der dei mellom anna fekk vite om dei økonomiske konsekvensane av koronakrisa for fylkeskommunen.

Les også:


Fylkesordførar Tove-Lise Torve innleia møtet med å peike på at også fylkeskommunen har moglegheit til å sette i verk for å hjelpe næringslivet i kjølvatnet av koronakrisa. Korleis det blir sjåande ut konkret, vil bli avgjort på fylkestinget 20. og 21. april. Truleg blir det fylkesutvalet som fungerer som fylkesting ved det møtet.
Ingen protesterte då Kristin Sørheim (Sp) påpeika at politikarane verka samde i at dei ville trå til med ei tiltakspakke.
Regjeringa har porsjonert ut ein rekke krisetiltak dei siste dagane, Norges Bank har kutta renta. Torve påpeika at også KS saman med mellom anna NHO og LO jobbar saman om ei krisepakke til næringslivet.

Minst 60 millionar i tapte inntekter

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik orienterte politikarane om tiltak som er sett i verk som følgje av koronakrisa – og kva det gjorde med økonomien til fylkeskommunen.
– Vi antek at det er 60 millionar på kollektivtrafikk og to millionar på tannhelse, sa han.
Tapa er på kring 12 millionar på buss og 39 millionar i tap på ferje - per månad. I tillegg kjem tapte inntekter på kultur.
– Truleg kjem det også bortfall på skatteinntekter, påpeika Guttelvik.

Reduksjonar på buss og ferje

Administrasjonen kunne opplyse at dei hadde sett på trafikktal på buss og båt, som hadde gått ned med 87 prosent i passasjertal – og ein svikt i inntekter på 98 prosent.
Førebels er det ikkje gjort reduksjonar på ferjeavgangar, men det vil bli vurdert. Administrasjonen foreslår å redusere der det gir minst konsekvensar, til dømes å ta vekk ei av tre ferjer, på enkelte samband – men vil kome tilbake til det.
Det er planar om å redusere til sommarruter innan kort tid på busstilbodet. Undersøkingar som er gjort, tilseier at berre 50 prosent av passasjerane i Ålesund betalte på bussen. Dei gjorde det via ein app, men det er ikkje lengre manuell betaling framme i bussane.

Åtvara mot å kutte for mykje

Frank Sve (Frp) minna om det ein måtte føre skikkeleg oversikt over kostnadar i samband med koronakrise, og hadde stor tru på at storsamfunnet vil kompensere utgiftene.
Han åtvara mot å bygge ned tenestene i for stor grad, og bad om at politikarane blei haldt godt informert om dette. Den ofte kritiske sunnmøringen, rosa samtidig fylkesordføraren for korleis den politiske leiinga hadde handtert situasjonen så langt.
– Det høyrer kanskje rart ut til å kome frå meg, men akkurat no tenker eg at vi kan nytte innestemma, i staden for utestemma i media, sa Sve og meinte dei hadde nok å gjere elles.

Publisert: 24.03.2020 13:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54