Haram fekk ros frå næringsministeren
Meiner fleire burde tenke som Haram vidaregåande.
Då næringsminister Torbjørn Røe Isaksen innleia sitt innlegg på Haramskonferansen tysdag med å vise til den lokale vidaregåande skulen i Brattvåg.
– Dette er typisk for dette distriktet, sa statsråden og heldt fram ei brosjyre han hadde plukka med seg på veg inn.
På brosjyra marknadsførte Haram vidargåande skule seg under slagordet «Stolt og skapande» og fortalde om kva moglegheiter dei kunne tilby.
Røe Isaksen er tilhengar av meir samarbeid mellom skule og næringsliv, og meinte perspektivet til Haram-skulen var midt i blinken.
Statsråden peika i sitt innlegg også på det han meiner er noko av den største utfordringa for næringslivet; å tenne gnisten hos framtidas tilsette i mellom anna maritim næring.
– Stort for elevane
– Det var stort for elevane som satt i salen, så all ære til ministeren for at han trekte fram dei, seier leiar Henrik Dalelid Vedde i Haram Næring og Innovasjonsforum til NETT NO.
Vedde meiner Haram vidaregåande er spesielt flinke til å samarbeide med lokalt næringsliv. Mellom anna har dei tilbod om såkalla TAF-linje, der elevane tidleg får erfaring frå arbeidslivet .
– Det er i den retninga regjeringa vil satse no, og det er ei utfordring til fleire skular og skuleeigarar om å tenkje målretta på kva for folk næringslivet har bruk for, seier han.
– Vard her i Brattvåg tilsett folk over ein lav sko for tida. Med den veksten som no kjem, er det viktig at skulane er «om seg». Her kjem mange nye, trygge og godt løna arbeidsplassar framover, påpeiker han.
Meir samarbeid
No er det meir samarbeid på gang mellom næringslivet og skulen. Vedde fortel at dei nyleg vart samde om at næringsforumet skal hjelpe skulen til å marknadsføre seg i samband med fristen for å søke høgare utdanning.
– Vi skal bidra både økonomisk og med ressursar slik at elevane i marknadsføringsklassa får lage reklamefilmar for skulen, saman med proffe folk, seier han.
Publisert: 13.02.2019 14:49
Sist oppdatert: 24.06.2021 22:00