Hareid Group med god ordrereserve
HAREID: Hareid Group har ein betydleg ordrereserve både på den maritime sida og bygg/industri, og er heldig som har ein god ordrereserve som strekker seg to år fram i tid. Men dei ventar at 2017 også vil vere eit krevjande år. 
Nytt

Hareid Group med god ordrereserve

Nedskriving  av aksjeinvesteringar på 30 millioner kroner øydelagte resultatet til Hareid Group også i fjor, men no kjem det ikkje fleire. - Vi ser positivt på framtida og bemanner opp, sjølv om det fortsatt er tøft i det maritime, seier Ronald Dyrhol. 

Kristin Vidhammer
24.07.2017
Konsernet Hareid Elektriske prosjekterer og utfører elektriske installasjoner på skip, bygg, boligar, industrianlegg og samferdselsprosjekt. Dei har også produksjon av styrepulter, el-tavler, startarar og andre elektriske styresystem.
Ordrereserven til konsernet i slutten av mars i år var på ca. 850 millioner kroner, det er på prosjekt som skal leverast i år og neste år.
- Vi har ein betydleg ordrereserve både på den maritime sida og bygg/industri, og vi er heldig som har ein god ordrereserve som strekker seg to år fram i tid. Vi er i den situasjonen at vi tilset folk, i hovedsak ingeniørar, noko som vi er glad for. Men vi ventar at 2017 også vil vere eit krevjande år, seier adm. direktør Ronald Dyrhol i Hareid Group.
Konsernet hadde 625 årsverk i fjor.

Ventar ikkje fleire nedskrivingar

Konsernet hadde i fjor driftsinntekter på 752 millioner (773 i 2015) og resultatet i fjor vart eit underskot før skatt på 27 millioner (sjå tabell).
Det er store nedskrivingar som gjer at det vart eit underskot også i fjor.
- 2017 var eit greitt år for både handelsdivisjonen og bygg/industri, men tala er prega av dårlege tider i det maritime. I tillegg er resultatet prega av store nedskrivingar på offshore-reiarlag, men vi ventar ikkje at det kjem fleire nedskrivingar no, seier Dyrhol.
Det er i hovedsak investeringane i Rem og Eidesvik som er nedskrive. I tillegg har dei gjort ei nedskriving på 12 millioner i det danske dotterselskapet HG Electric.
Året før tok dei nærmare 12 millioner i nedskrivingar i aksjeinvesteringane i offshore og det vart eit stort underskot også då.
Les også:
Les også:

Om selskapa

Hareid Elektriske as er morselskap i Hareid Group og har sju heileigde dotterselskap; Hareid Elektriske Teknikk (no HG Teknikk), HG Elektro, HG Handel, HG Eiendom 1, HG Support, HG International og HG Electric i Danmark.
Dei eig i tillegg nesten 75 prosent i Harwest Elektro og majoritetseigar i det polske selskapet HG Solutions Sp.Z.o.o. og i Polar El as på Grønland. Dei eig også 51 prosent av aksjene i Humlen og Molvær Elektro, samt betydlege aksjepostar i andre selskap.
HG Teknikk står for ein stor del av omsetninga, i fjor omsette dei for 360 millioner kroner. Medan dei hadde god vekst i perioden 2012-2014, har omsetninga gått ned med omlag 10 prosent både i 2015 og 2016.

God utvikling i handel

Dotterselskapet HG Handel har franchiseavtaler med Lefdal og Elkjøp og har butikkar i Ulsteinvik, Volda og Ørsta. Selskapet fekk i fjor eit overskot på rundt 6 millioner kroner. I mars i år overtok dei også ein Lefdal-butikk og ein Elkjøp-butikk i Ålesund.
- Handel er eit område vi utviklar oss på og der vi har hatt ei positiv utvikling som vi ventar vil fortsetje, seier Dyrhol.

- God aktivitet neste åra

Styret skriv i årsmeldinga for 2016 at dei meiner at konsernet vil ha god aktivitet dei neste åra med dei etableringane og oppkjøpa Hareid Elektriske har gjort siste åra.
- I det store bildet ser vi positivt på framtida og det skjer mykje positivt til trass for krevjande tider i det maritime, seier Dyrhol.
Morsselskapet har ein bokført eigenkapital på 132 millioner, det er nærmare 52 prosent eigenkapitaldel. Konsernet har ein bokført eigenkapital på 136 millioner, dette utgjer ein eigenkapitaldel på i overkant av 25 prosent. Konsernet hadde likvider på 130 millioner kroner ved årsskiftet.

Eigarar

Hareid Elektriske har 40 aksjonærar. Bjørn Bjåstad og Ann Magritt Bjåstad Vikebakk m/nærståande eig i underkant av 40 prosent gjennom selskapet Bjåstadbakken. Bjørn Teigene m/nærståande eig også i underkant av 40 prosent gjennom selskaet Jeasimo.
 Vi er i den situasjonen at vi tilset folk, i hovedsak ingeniørar, noko som vi er glade for

Publisert: 24.07.2017 15:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12