Hareid Group tilbake i pluss
PLUSS: Hareid Group er ferdig med fleire større maritime prosjekt som har slått negativt ut på resultatet. God lønsemd i andre deler av verksemda sikre plussresultat i fjor.
Nytt

Hareid Group tilbake i pluss

Ferdig med tapsprosjekt.

30.06.2020
- Vi har lagt bak oss ein periode med omfattande og kompliserte prosjekt i marinedivisjonen, prosjekt som har ført med seg store tap for Hareid Group. Dei mest krevjande prosjekta er no avslutta, og vi kan konsentrere oss om å bygge eit solid fundament for vidare utvikling i åra som kjem, seier konsernsjef Karsten Sævik i ei pressemelding.
Frå 2017 til 2018 auka Hareide Group-konsernet driftsinntektene til ny rekord, men enda med undeskot.
Frå 2018 til 2019 auka konsernet driftsinntektene til nok en rekord, og kom akkurat ut i pluss (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida).
- Konsernet administrerer ein stor aktivitet, og vi jobbar no med å ruste organisasjonen for å kunne ta nye steg med kontrollert risiko, seier Sævik i pressemeldinga.
Hareid Group består av fleire heil- og deleigde selskap, og leverer varer og tenester knytt til elektroinstallasjon på land og for skip i tillegg til forbrukarelektronikk.
Hareid Group har ti aksjonærar. Dei to største er Bjørn Bjåstad og familien og Bjørn Teigene og familien - begge med 39,9 prosent.

Publisert: 30.06.2020 15:35

Sist oppdatert: 21.06.2021 13:40