Hareid med store investeringsplanar
MEIR ATTRAKTIVT: Hareid skal får fleire nye bygg som saman med nye uteområde skal vere med på å gjere sentrum meir attraktivt. Ordførar Anders Riise presenterte planane på arrangementet Byggebørsen i går. Målet er å få med også private investorar på utbygginga.
Nytt

Hareid med store investeringsplanar

Hareid kommune har investeringsplanar for over 350 millionar kroner. Sentrum skal bli nytt.

26.10.2018
Etter 14 år med spinking og sparing som Robek-kommune måtte Hareid bruke eit par år på å bygge opp ein kompetanse handtere store investeringar igjen.
Kommunen kom ut av Robek-lista i 2016 og no er den i ferd med å bli rusta til å sette fleire store utbyggingar ut i livet, seier ordførar Anders Riise.
Planane som Riise presentere på arrangementet Byggebørsen i Ålesund i går omfattar nytt helsehus med bibliotek i første etasje, nytt rådhus, fotballhall, nye bustadfelt og nye uteområde.

Rekordinvesteringar

Til saman er det snakk om utbyggingar Hareid ikkje har sett maken til sidan førre årtusen.
På 90-talet bygde kommunen helsehus for rundt 100 millionar, no er det snakk om investeringar på over 350 millionar kroner, i følgje Riise.

Skal ha partnarar

Planen er at kommunen skal få med seg fylket og private investorar på utbyggingane, som mellom anna er ein del av ei planlagt fortetting av Hareid sentrum. Nokre av bygga skal også gi leigeinntekter sjølv om kommunen blir ståande som eigar.
Sjølv om private blir med seier Riise at kommunen er nøydd til å ta ei leiarrolle.
- Vi har ikkje nok patriotkapital, difor må kommunen sette seg i førarsetet, seier han.

Publisert: 26.10.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27