Hareide klar til aa ta Nasjonal transportplan ut av luksusfella
KONKURRANSE: Samferdsleminister Knut Arild Hareide legg fram Nasjonal Transportplan for 2022 til 2033 i vår. Heretter skal transportetatane konkurrere med kvarandre om å legge fram dei billegaste prosjekta. Biletet er frå eit samferdselspolitisk møte i Ålesund i februar 2020.
Nytt

Hareide klar til å ta Nasjonal transportplan ut av luksusfella

Nasjonal transportplan har est ut til ei urealistisk ønskeliste. Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) veit han vil skuffe når han no strammar inn.

04.01.2021
NPK-NTB: Hareide sette ein støkk i kommunepolitikarar landet over då han i september i fjor at dagens Nasjonal transportplan (NTP) er urealistisk, og at prosjekt som i dag er inne i planen, ikkje lenger kan føle seg trygge.
NTP er Stortingets plan over kva veg-, jernbane-, sjø- og luftfartsprosjekt som skal prioriterast på kort og lang sikt, men han har hatt ein lei tendens til å vekse over realistisk budsjett, både i omfang og kostnadsoverskridingar.

I departementet blir det i desse dagar lagt siste hand på den nye planen som skal leggjast fram i midten av mars. I forkant har både Statens vegvesen, Nye vegar og Bane Nor vore pålagde å leite nøye etter moglegheiter for kutt og innsparingar.
Hareide seier han er førebudd på at mange kjem til å bli skuffa når planen blir laga fram.
– Sjølv om mange nok er samd tenkinga, så trur eg at mange tenkjer at den edruskapen, han må gjelde på alle andre prosjekt enn mitt, seier han til NTB.

Foreslår kutt

Hareide vil ikkje røpe kor mange eller kva prosjekt som no vil ryke ut av transportplanen. I oktober i fjor leverte likevel underdirektorata sine kuttforslag.
Dette inkluderer mellom anna å sette på vent planane om ny jernbane mellom Bergen og Voss, og dessutan intercity-utbygginga av jernbanen til Lillehammer, Halden og Ski.
Kostnadene er òg kutta mykje i prosjekt ferjefri E39 (kryssingane av Bjørnafjorden og Romsdalsfjorden), og Vegvesenet har foreslått å kutte heilt ut ny E6 Oslo aust, ifølgje
Hareide kallar desse føringane «kjempeviktige».
– Dei er dei beste fagfolka våre. Eg kan vere tydeleg på at det som dei kjem fram med, det har stor betydning, seier Hareide.

Direktorata må konkurrere

Hareide seier det viktigaste er å få endra måten ein tenkjer på om samferdselsprosjekt.
Han meiner for mange prosjekt tidlegare har vore umodne når avgjerda har vorte teken, noko som har ført til mange ubehagelege overraskingar og kostnadsoverskridingar.
No skal NTP framover berre omtale konkrete prosjekt i første periode, altså dei første seks åra, medan dei siste seks skal vere langt meir opne.
Så blir det opp til transportetatane å få fram dei beste, billegaste og mest realistiske prosjekta til neste periode. Ein innbyrdes konkurranse dei imellom er ein viktig del av tenkinga, noko Hareide har kalla den største reforma av NTP hittil.
– Det gjer at direktorata må skjerpe seg, men dei får òg større innverknad, seier Hareide.
Hareide seier han vil ha ein slutt på at prosjekt som har klart å komme inn i planen, skal sjåast på som «trygge», og at prosjektleiarar dermed skal tenkje at kostnadsoverskridingar ikkje er så farlege.

Det grønaste nokosinne

Hareide seier den kommande NTP-en òg vil vere den grønaste nokosinne. Transportsektoren er den sektoren i Noreg utanfor kvotepliktig sektor som skal ta dei største utsleppskutta framover.
Stikkorda er biodrivstoff, elektriske bilar og satsing på kollektivt, jernbane og sykkel, ifølgje Hareide.
– Samtidig skal vi vere klar over kva som er eit grønt val. Det er ikkje det same som for ti år sidan, seier han, og peikar på den eksplosive auken i talet på nullutsleppsbilar.
– Det er ei utvikling som gjer at det som var miljøvennleg, er ikkje berre å tenkje jernbane og byvekstavtaler, seier Hareide.

Publisert: 04.01.2021 09:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10