Hareide vil slanke transportplanen
NESTE ÅR: Samferdsleminister Knut Arild Hareide legg fram Nasjonal Transportplan for 2022 til 2033 neste vår. Det komande halvåret vil dei ulike prosjekta bli prioritert.
Nytt

Hareide vil slanke transportplanen

Samferdselsministeren meiner planen er urealistisk - mellom anna ferjefri E39-prosjekt skal ligge dårleg an. 

Marius Rosbach
17.09.2020
(NPK-NTB-NETT.NO): Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) meiner dagens Nasjonal transportplan (NTP) er urealistisk. Fleire store samferdselsprosjekt kan dermed bli kutta.
Det er ikkje avgjort kva prosjekt som skal vrakast frå den nasjonale planen for utbygging av vegar, jernbane, flyplassar og hamner. Prosjekta kan òg bli sette på vent, skriv .
Ifølgje avisa ligg utbygginga av dobbeltspora jernbane til Lillehammer og Skien, dobbeltspora jernbane sør for Moss, Nord-Noregebanen mellom Bodø og Tromsø og fleire prosjekt på ferjefri E39 på Vestlandet dårleg an.
– Eg kan rett og slett ikkje halde meg til planen slik han ligg der i dag, seier Hareide.

Ambisiøs - men underfinansiert

Stortinget bestemde seg i 2017 for å bruke 1.000 milliardar kroner mellom 2018 og 2029.
– Ingen kan seie at ikkje planen er ambisiøs. Men om vi har kunna tru på han, er eg meir uviss på. Ut frå prisanslaga mangla vi 130 milliardar kroner allereie då Stortinget gjekk inn for planen, seier samferdselsministeren.
Hareide meiner særleg vegprosjekt har est ut etter at dei er innlemma i NTP. No legg han opp til ein slankekonkurranse mellom prosjekta: kostnadene skal kuttast, nytteverdien skal opp og kostnadsoverslag skal vere truverdig.
Den reviderte transportplanen blir lagd fram til våren, og Stortinget skal behandle han før sommaren 2021.

Argumenterer for verdiskaping og eksport

Fleire har påpeika at Møre og Romsdal får langt mindre del av samferdselskronene, enn verdiskapinga tilseier.
Då Knut Arild Hareide (KrF) nyleg var på Sunnmøre, kunne han , men viste forståing for argumenta frå NHO og det eksportretta næringslivet.
– Det må vi kjenne eit ansvar for når vi ser på infrastruktur, for dette er verdiskaping som heile Norge treng, sa statsråden.
Høgre-politikar Helge Orten trur korona og oljeprisfallet med slike argument i NTP-kampen - men også han meiner kampen blir beinhard.

Les også:



Mange ønsker frå nordvest

Ønskene frå Nordvestlandet er mange og tildels svært kostbare. Fylkespolitikarane har sett - ikkje minst på fylkesvegnettet - øvst på si liste.
Høgst på står den sokalla eksportaksen - E136 gjennom Romsdalen - og verdiskapingaksen, der ein ønsker ferjefri E39-kryssing av Romsdalsfjorden.
Lengre sør har mange håp om at skal kome inn på NTP-en, og at får plass.

Les også:




Gunvor Ulstein:


Analyse:


Eg kan rett og slett ikkje halde meg til planen slik han ligg der i dag

Publisert: 17.09.2020 10:41

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:21