Robin Tomren Forsvarsmatriell tv og Torbjorn Grimeland Sjoforsvaret Verftskonferansen 2025 foto Ogne
FRIST: Dåverande prosjektleiar Robin Tomren og og kommandørkaptein Torbjørn Grimeland i Sjøforsvaret deltok på Verftskonferansen i Ålesund i november 2025. I dag er fristen for å melde seg på i konkurransen om å få designe Forsvaret sine nye standardiserte fartøy. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Hav Design droppar forsvars-satsing

Skipsdesignselskapet i Herøy vil ikkje konkurrere om å designe dei nye, standardiserte skipa til Forsvaret. Skipsteknisk er med.

20.01.2026

"Vi har kompetansen til å delta i alle typer prosjekter, men vi velger å bruke kapasiteten der vi skaper størst verdi – gjennom design av fartøy i våre kjerneområder. Samtidig står vi tilgjengelig som en støttespiller for de aktørene som skal levere fartøyene, og kan bidra med vår skipsbyggingskompetanse når Norge har behov for støtte i maritim beredskap," seier Hav Design-sjef Richard Schofield i ei pressemelding.

Hav Design er eit datterselskap av Hav Group.

Fristen for å  melde seg på til kvalifisering er i dag, tysdag 20. januar. 
Etterpå vil det bli vald ut seks til tre aktørar som vil vere kvalifisert til å konkurrere vidare.  Det kan også bli færre går det fram av dokumentane i kunngjeringa frå Forsvarsmateriell før jul.  

Fristen for å levere sjølve anbodet på design og konseptutvikling er sett til 27. februar.

Skipsteknisk har bestemt seg
Då designkonkurransen vart kunngjort i desember 2025 sa Skipsteknisk-sjef Hans Ove Holmøy at selskapet vurderte å bli med.

No har skipsdesignarane i Ålesund bestemt seg.

– Vi blir med, skriv Holmøy i ei tekstmelding til Nett No.

Håvard Sætre, som er sjef for Sirius Design & Integration i Ålesund har konkludert motsett av Holmøy.

– Vi ser ikke for oss å delta, skriv han.

Vard er med
Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti var allereie i desember i fjor klar på at konsernet skal delta i konkurransen.

– Vard er med si erfaring med slike fartøy, ein sjølvkriven deltakar i konkurransen om å utvikle og levere skipa. Vard har deltatt i denne anskaffelsesprosessen frå den starta for 3 år sidan, og vi er forberedte på å bidra vidare for å sikre at Forsvaret får levert fartøya etter dei krava som dei stiller, sa Marti til Nett No. 

Publisert: 20.01.2026 10:34

Sist oppdatert: 21.01.2026 07:46

Mer om