Skjermbilde 2023 01 17 kl 15 41 32
USA: Det nye fartøyet Hav Design skal teikne skal brukast i ein vindfarm utanfor kysten av Virginia i USA. Illustrasjon: Crest
Nytt

Børsdagen: Hav Design-oppdrag i USA

Skal teikne serviceskip til amerikansk vindfarm.

17.01.2023

"Kontrakten markerer det amerikanske gjennombruddet for HAV Design, som blir den første europeiske skipsdesigneren til å utvikle en SOV for det amerikanske markedet.", skriv Hav Group i ei børsmelding.

Hav Design er eit datterselskap i Hav Group. SOV er ei forkorting for Special Operations Vessel, ofte brukt om service- og konstruksjonsskip til vindkraftanlegg til havs.

Kontrakten opplyser ikkje kva Hav Design får betalt for oppdraget.

Kunden er selskapet Crest, som er eit samarbeidsselskap mellom USA-selskapet Crowley og danske Esvagt.

Fartøyet skal brukast utanfor kysten av Virginia i USA, skriv dei to selskapa i ei felles pressemelding.

Før Hav Design og fleire andre selskap blei skilt ut frå Havyard Group og lagt inn i Hav Group, hadde skipsdesignarane der teikna fleire vindkraft-skip som Esvagt fekk bygd hos Havyard Leirvik.

Kvar skipet Hav Design skal teikne for Crest blir bygd er ikkje avklart, men amerikansk lov krev at det skal byggast i USA. Fartøyet skal settast i drift i 2026.

Hav Group sende ut børsmelding om kontrakten klokka 15:00.

Då var aksjekursen i selskapet 8,99 kroner aksjen. Ved børsslutt var kursen 8,90 kroner aksjen, ned 0,56 prosent samanlikna med kursen ved børsslutt i går.

Hav Group blei børsnotert i mars 2021. Då var kursen 15,50 kroner aksjen. Toppnoteringa for selskapet var i mars 2022. Då var kursen 17,80 kroner.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Arctic Bioscience 12,85 12,72 %
Havila Shipping 14,78 4,82 %
Hexagon Composites 33,74 3,24 %
Statt Torsk 1,69 1,20 %
Havila Kystruten 10,25 0,99 %
Salmon Evolution 8,29 0,48 %
Endúr 27,88 0,22 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,99 0,00 %
Sparebanken Møre 80,00 0,00 %
Hofseth Biocare 3,09 -0,32 %
Golden Energy Offshore Services 1,37 -0,36 %
Hav Group 8,90 -0,56 %
Hexagon Purus 25,96 -0,76 %
Norva 24* 34,34 -0,81 %
Nortel 20,00 -0,99 %
Atlantic Sapphire 7,26 -1,96 %
*Svenske kroner

Publisert: 17.01.2023 15:30

Sist oppdatert: 17.01.2023 16:54

Mer om