Oslo børs
OPP: Hovudindeksen på Oslo Børs steig 0,48 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Hav Group klatrar vidare

Årsrekord for aksjekursen. Opp over 36 prosent i år.

23.01.2024

Aksjekursen til Hav Group har stige over 36 prosent sidan årsskiftet. Tysdag steig kursen 1,2 prosent, til 1,70 som tangerer årsrekorden. Ikkje sidan ein kort periode i mars 2023 har kursen vore høgare i løpet av siste 12-månadersperiode.

Hexagon Purus hadde nest høgast kursauke av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet tysdag, opp 2,16 prosent.

Berre offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services steig meir (sjå tabell).

Dessverre for Hexagon Purus-aksjonærane er selskapet inne i ein fallande trend, til skilnad frå Hav Group.

Hydrogentankselskapet vart verdsett til over 35 kroner aksjen i februar 2023 og har stort sett falle i verdi sidan. Den lågaste kursen i siste 12-månadersperiode er 8,53 kroner aksjen, berre like over dagens sluttkurs på ni kroner aksjen.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,40 2,79 %
Hexagon Purus 9,00 2,16 %
Hav Group 12,70 1,20 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,13 0,97 %
Sparebanken Møre 85,00 0,45 %
Atlantic Sapphire 1,56 0,39 %
Salmon Evolution 6,72 0,30 %
Havila Kystruten 0,73 -0,27 %
Hexagon Composites 24,40 -0,97 %
Hofseth Biocare 2,55 -1,92 %
Endúr 41,00 -2,15 %
Havila Shipping 5,16 -2,46 %
Norva 24 Group* 27,65 -3,32 %
Arctic Bioscience 10,00 -3,38 %
Statt Torsk 0,60 -5,96 %
* Kurs i SEK

Publisert: 23.01.2024 16:58

Sist oppdatert: 23.01.2024 17:58