Nytt
Havarikommisjonen: Var berre ei skipslengde frå å grunnstøyte
Viking Sky fekk 18 alarmar om lågt oljenivå før nestenforliset.
13.11.2019
I ein førebels rapport om Viking Sky skriv Havarikommisjonen at cruiseskipet berre var ei skipslengde frå å grunnstøyte då skipet mista motorkrafta, skriv NPK.
Rapporten viser òg at årsaka til motorstansen var at tankane med smørjingsolje vart halde på eit for lågt nivå. Då skipet vart utsett for mykje rørsle i dei høge bølgjene 23. mars i år fekk ikkje dieselgeneratorane nok olje inn, noko som gjorde at motorane stansa.
Rapporten viser at det blei utløyst 18 alarmar om for lågt oljetrykk mellom klokka 05.00 og 09.04 den morgonen. Alle blei kvittert ut i løpet av få sekund.
Etterpå kom det ikkje fleire alarmar før om lag fem timar seinare. Om lag 13.45 fekk skipet maskinstans og sende i løpet av kort tid ut nødsignal.
Motorstansen utløyste ein stor redningsoperasjon, og gjennom kvelden og natt til 24. mars vart 470 personar evakuerte med helikopter.
(ekstern lenke)

Les også:
Kystverket-direktør:
(ekstern lenke)
Publisert: 13.11.2019 13:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44