20220404 123820
HEIDER: Stor opptur for Havila Kystruten-tilsette under Nor-Shipping. Frå venstre: Arne Johan Dale, CFO, Njål Sævik, styremedlem, Tonje Ytrebø, marknadssjef, Per Sævik, eigar og styreleiar, Bent Martini, CEO, Sandra Ness, leiar for klima & miljø, Lasse A. Vangstein, kommunikasjonsansvarleg, Robert Berge, teknisk sjef, Tor Johan Pedersen, marknadsdirektør og Martin Iversen, seniorrådgivar maritime operasjonar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Havila Capella er «framtidas skip»

Stor heider til Herøy-reiarlaget under Nor-Shipping.

04.04.2022

Satsinga på miljøvenleg framdrift var avgjerande for at Havila Kystrutens Havila Capella vart tildelt Next Generation Ship Award under opninga av Nor-Shipping måndag.

120 meter lange Havila Capella kan frakta opptil 640 passasjerar på batteri eller naturgass. Det Tersan-bygde skipet har om bord det som er rekna som verdas største batteripakke på 6,1 MW, og kan gå fire timar berre på batteri, spesielt tilpassa verdsarvfjordane.

Med LNG vert CO2-utsleppa reduserte med rundt 25 prosent og NOx med rundt 90 prosent i forhold til konvensjonelle løysingar.

Ulstein-bygde Color Hybrid til Color Line vann same prisen i 1017, medan Sovcomflot’s Gagarin Prospect vann i 2019. Kåringa av Havila Capella gjeld prisen for 2021.

Hard konkurranse
Havila Capella konkurrerte med Høegh Autoliner sitt skip Aurora, SC Connector frå Sea Cargo og Sleipner frå Wallenius. Alle skipa har satsa på miljøvenlege løysingar, SC Connector både med batteripakke og roterande segl.

Under prisutdelinga sa prisutdelar Knut Ørbeck-Nilssen, direktør i DNV Maritime, at det hadde vore hard konkurranse mellom dei nominerte.

Her er grunngjevinga frå juryen:
«For hvert år blir debatten om å velge en vinner mer intens, og 2022 var intet unntak. Det er allment kjent at mens fossilt brensel vil være med oss i årene som kommer, men det må være en overgang til renere, mer effektive alternativer. Vinnerfartøyet er for øyeblikket drevet av det reneste fossile brenselet som er tilgjengelig for øyeblikket - LNG, men det er beregnet på fremtidig overgang til hydrogen når teknologi og tilgjengelighet tillater det», heter det i juryerklæringen fra Nor-Shipping.

Havila Capella Trondheim
CAPELLA: Havila Capella ved kai i Tondheim under jomfruturen i desember. Foto: Kjetil Haanes

Publisert: 04.04.2022 12:34

Sist oppdatert: 04.04.2022 13:41

Mer om