Havila har forhoeyrt seg om desse skipa
RESERVESKIP: MS Bremen og MS Expedition (innfelt) bygd i 1993 og 1972, kan bli dei første skipa Havila Kystruten nyttar på Bergen-Kirkenes. 
Nytt

Havila har forhøyrt seg om desse skipa

Havila Kystruten kan ha funne reserveskipa som kjem i trafikk på Bergen-Kirkenes-ruta.

Marius Rosbach
10.09.2020
Grunna forseinkingar må Havila Kystruten leige inn to reserveskip på den tradisjonsrike kystrute-strekninga. No kan reiarlaget funne skipa som kan gå inn i ruta som erstatning.
I e-postar til Sjøfartsdirektoratet i august bad reiarlaget om ei vurdering skipa MS Bremen og MS Expedition som reserveskip frå årsskiftet.
Administrerande direktør Arild Myrvoll i Havila Kystruten vil ikkje stadfeste at det blir desse skipa som blir sett inn:
– Eg har ingen kommentar til dette på noverande tidspunkt, skriv han i ein sms til NETT NO.
Ifølgje ei pressemelding Havila Kystruten sendte ut i helga, har som kan bli leigd inn for å settast i trafikk frå starten av 2020. Namna på skipa blir ikkje opplyst.
Samferdselsdepartementet stadfestar at dei har godkjent to erstatningsskip, men opplyser heller ikkje kven skip.

Spør om omflagging til NOR

I e-postane til Sjøfartsdirektoratet vil Havila Kystruten mellom anna vite kva som skal til for å flagge om skipa til NOR-registeret og om ei vurdering av lugarar og toalettfasilitetar på skipa. Dei ber også om eit raskt svar.
MS Bremen er bygd i 1993 ved det japanske Mitsubishi-verftet i Kobe. Om bord i det 111 meter lange skipet, er det plass til 155 passasjerar.
Ms Expedition er eit eldre cruiseskip bygd i 1972 ved Helsingør Skibsværft og Maskinbyggeri i Danmark. Skipet er 104 meter langt etter at det blei bygd om i 2002. Om bord er det plass til 134 passasjerar.

Forseinka med bygging

Herøy-reiarlaget skulle etter planen segle med fire skip på strekninga Bergen-Kirkenes frå årskiftet, men no er det fleire forhold som gjer at det ikkje blir slik.
Dei to Havila-skipa, Havila Castor og Havila Capella, i Tyrkia i helga. Dei er venta å bli levert i første kvartal neste år, og dei to neste skipa vil truleg først vere klare mot slutten av 2021.

Usikker oppstart

Ifølgje pressemeldinga Havila Kystruten sende ut i helga, er det frå årskiftet for fleire skip på den tradisjonsrike ruta. Det blei påpeika at etterspurnaden for tida er svært usikker og at behovet for oppstart av ny kontrakt er under vurdering.
- Departementet vil i samråd med dei to leverandørane seinare i haust beslutte kapasiteten på kystruten 1. januar, opplyser rådgjevar Tore Becker i kommunikasjonseininga i ein e-post til NETT NO.
Grunna den usikre situasjonen og fordi ting endrar seg raskt, kan ikkje departementet gi noko nærare tidspunkt per i dag.

Les også:




Publisert: 10.09.2020 10:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02