Havila Holding kjoeper O Ersta hotell
NY EIGAR: Sparebank1 Søre Sunnmøre har vore eigar av hotellet i Ørsta sidan 2014 og har arbeidd for eit sal heilt sidan den tok over for å sikre drifta.
Nytt

Havila Holding kjøper Ørsta-hotell

Havila Holding kjøper Hotel Ivar Aasen i Ørsta frå Sparebank1 Søre Sunnmøre. Betalte ei krone for aksjane.

30.06.2017
Kjøpet betyr ei auka satsing på reiseliv for Sævik-familien. Havila Holding AS eig frå før 45 prosent av aksjane i Fosnavåg Vekst AS, som er eigedomsselskapet til Thon Hotel Fosnavåg. Selskapet er og største aksjonær i Fjord1, som mellom anna driv turistferja mellom Geiranger og Hellesylt, og sightseeingfarty på Nærøyfjord - og har varsla interesse for å drive hurtigruta.
Selskapet har og vore medeigar i eit hotell på Færøyane i ti år og er mediegar i Smyril Line, som trafikkerer Danmark-Færøyane-Island.
- Vi ser ein sterk vekst innan turisme, med stadig meir kvalitetsbevisste gjestar. Gjestane vil ha kvalitet og opplevingar med fjord og fjell, og er villig til å betale for dette, seier Per Sævik i ei felles pressemelding frå banken og Havila Holding.

Optimisme etter oljenedtur

Det er mellom anna erfaringane frå hotellet i Fosnavåg som gjer at Sævik vil satse meir på reiseliv. Det hotellet skulle mellom anna basere seg på inntekter frå offshorenæringa, men har greidd seg godt trass i at offshoremarkedet klappa saman like etter opninga.

- Når vi ser kor greit Gunther (hotelldirektør Gunther Dahler, red.merk) og hans folk har fått det til i Fosnavåg til trass for ein rimeleg brutal offshorenedtur så har vi ein viss optimisme, seier Sævik til NETT NO.

Betalte ei krone

Hotell Ivar Aasen er både drifts- og eigedomsselskap.
Per Sævik seier Havila Holding kjøper aksjane i selskapet for ei krone, men vil ikkje kommentere vilkåra i handelen ut over det.
Sist tilgjenglege reknskap for Hotell Ivar Aasen as, for 2015, viser ei gjeld på 57,5 millionar kroner og ein bokført eigenkapital på 2,5 millionar kroner.
- Det vesentlege av gjelda blir vidareført. Ein liten rabatt har dei fått, seeier aadministerande direktør Stig Brautasetn i Sparebank1 Søre Sunnmøre.
Han vil ikkje opplyse kronebeløpet banken har ettergitt av gjelda i samband med handelen, men seier det er godt innafor det banken hadde rekna med, og meiner avtalen er god for begge partar.

Vekstbransje

Nordvestlandet er ein vinnarregion i ein vinnarbransje, sa avtroppande leiar for Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Geir Steinar Vik på Fosnavågkonferansen i førre veke. Han teikna eit optimisk bilete av framtida for reiselivsnæringa.

Reiselivsbransjen i Noreg har hatt ein vekst på 10-15 prosent dei siste åra.
- Sunnmøre har hatt ein vekst som er to til to og ein halv gang større. Vi er ein vinnarregion og det skal vi bygge på, seier Vik.

Avklaring med Thon

Hotellet i Fosnavåg er ein del av Thon-kjeda.
Sævik seier det er samtalar med Thon, og at hotellet i Ørsta vil drive i eit samarbeid med Thon-kjeda. Men førebels er det ikkje avklart kva tilknytinga til Thon blir.

Fortgang i salet

Etter at Stig Brautaset tok over som administrerande direktør i Sparebank1 Søre Sunnmøre i fjor har det blitt fortgang i salet av større eigedomar banken hadde fått i fanget etter at låntakarane hadde fått vanskar.
I fjor vart industribygget som tidlegare husa komfyrfabrikken Grepa seld.

No har banken att eitt større forretningbygg i Ørsta sentrum, som mellom anna husa Ørsta-kontoret til banken. Brautaset seier målet er å ha funne nye eigarar til det bygget i løpet av eit års tid.
Sævikfamiliens selskap Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 30.06.2017 11:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11