Equinor har forlenga leigeavtalen med offshorereiarlaget Havila Shipping for forsyningsskipa Havila Charisma og Havila Foresight i tre nye år. Equinor har også rett til å leige skipa i ytterlegare fire år, med eitt års fornying i gangen.
- Det er svært viktige kontrakter for Havila Shipping i dagens marknad, å få utleigd to skip til Equinor dei tre neste åra, seier finansdirektør Arne Johan Dale til NETT NO.
Like før børsmeldinga kom, vart aksjar i Havila Shipping handla til 2,95 kroner pr. aksje. Klokka 13:24 var kursen oppe i 3,90 kroner og litt over klokka 14 er den 3,65 kroner per aksje.
Det er ei auke på 17,4 prosent sidan sluttkursen onsdag.
Havila Foresight har vore utleigde sidan det blei levert i januar 2008 og Havila Charisma frå desember 2012.
Begge skipa fekk installerte batteri og landstrømsanlegg i 2018. Det var eit krav frå Equinor då leigeavtalen for skipa blei forlenga i 2017.
Offshorereiarlaget fekk i vår på plass ei refinansiering som sikrar selskapet pusterom fem år fram i tid.
Herøy-selskapet har ein flåte på 23 skip. Tre ankehandteringsskip og fire plattformforsyningskip ligg i opplag, og det rekna selskapet med et status også når 4. kvartal er omme.
- Det er svært viktige kontrakter for Havila Shipping i dagens marknad, å få utleigd to skip til Equinor dei tre neste åra, seier finansdirektør Arne Johan Dale til NETT NO.
Like før børsmeldinga kom, vart aksjar i Havila Shipping handla til 2,95 kroner pr. aksje. Klokka 13:24 var kursen oppe i 3,90 kroner og litt over klokka 14 er den 3,65 kroner per aksje.
Det er ei auke på 17,4 prosent sidan sluttkursen onsdag.
Havila Foresight har vore utleigde sidan det blei levert i januar 2008 og Havila Charisma frå desember 2012.
Begge skipa fekk installerte batteri og landstrømsanlegg i 2018. Det var eit krav frå Equinor då leigeavtalen for skipa blei forlenga i 2017.
Havila-tal utan dramatikk
Rapporten for 3. kvartal som kom i slutten av november, viste at reiarlaget la både restruktureringeffektar- og koronanedskrivingar bak seg i andre kvartal.Offshorereiarlaget fekk i vår på plass ei refinansiering som sikrar selskapet pusterom fem år fram i tid.
Herøy-selskapet har ein flåte på 23 skip. Tre ankehandteringsskip og fire plattformforsyningskip ligg i opplag, og det rekna selskapet med et status også når 4. kvartal er omme.
Det er svært viktige kontrakter for Havila Shipping i dagens marknad
Publisert: 10.12.2020 15:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:08