Havila Kystruten-avtale klar
Skal låne 305 millionar Euro - 3,5 milliardar kroner - frå internasjonalt kredittfond, til 13 prosent rente.
"Selskapet har nå signert term sheet med et stort internasjonalt privat kredittfond for finansiering på 305 millioner euro for å finansiere selskapets fire skip.", skriv Havila Kystruten i ei børsmelding.
Kredittfondet er ikkje namngitt.
Ifølgje børsmeldinga skal renta vere 3 månadar Euribor pluss 6 prosent og
ei PIK rente på 3,5 prosent. PIK rente er rente som blir lagt til lånesummen i staden for å bli betalt undervegs. Euribor-renta er i dag på omlag 3,5 prosent. Det er renta på lån mellom europeiske bankar.
13 prosent rente
Til saman betyr dette ei rente på omlag 13 prosent for Havila Kystruten.
Om Havila Kystruten når spesifikke, men ikkje offentleggjorte mål, blir renta redusert til Euriobor pluss 7,75 prosent.
50 millioner Euro til kurs 107 kroner skal betalast attende etter 15 månadar.
Sævikfamiliens holdingselskap, Havila Holding, garantere for oppgjeret. Havila Holding eig 60,42 prosent av Havila Kystruten.
Resten av lånet skal betalast attende etter tre år, og skal innløysast til 106 prosent av pålydande, ifølgje børsmeldinga.
Havila Kystruten må også skaffe ytterlegare 85 millionar Euro for å bli fullt refinansiert - og selskapet skriv i børsmeldinga at nok ei kapitalutviding kan bli aktuell for å få den finansieringa på plass.
Må oppfylle vilkår
I tillegg til dei vanlege formalitetane, mellom anna med dokumentasjon, er vilkåret for at lånet blir gitt at engelske rett gir Havila Kystruten forlenga frist til å få refinansieringa på plass, slik at den opphavlege långivaren kan bli erstatta av den nye finansieringa.
Havila Kystruten var opphavleg finansiert av det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK, som er råka av sanksjonar etter Russland krig mot Ukraina. Sanksjonane hindrar mellom anna at dei to siste av Havila Kystruten sine fire skip blir sett i trafikk.
I børsmeldinga skriv Havila Kystruten at Havila Pollux skal gå i rute frå Bergen 12. august og Havila Polaris 17. august.
Må ha meir
Før det ikkje namngitte kredittfondet kom på bana arbeidde Havila Kystruten med ein refinanisieringsplan som omfatta ei kapitalutviding - som er gjennomført - og å ta opp eit obligasjonslån.
I førre veke dukka eit nytt alternativ opp, og Havila Kystruten gjekk for ein nye plan - som no er offentleggjort.
Publisert: 05.07.2023 08:14
Sist oppdatert: 05.07.2023 17:14