Havila Capella innfelt Arne Johan Dale foto Havila Kystruten 11
Finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Kystruten har fått eit nytt framlegg til korleis Havila Kystruten skal refinansiere seg, og fri seg frå alle band til sin opphavlege, russiske, långivar. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Havila Kystruten vurderer ny plan

Investor har kome med framlegg til alternativ refinansiering av Havila Kystruten.

27.06.2023

Investoren har kome med eit framlegg som Havila Kystruten vurdere som betre enn planen om å ta opp eit obligasjonslån på 325 millionar Euro, cirka 3,8 milliardar kroner.

Også andre investorar har sagt at dei vurderer andre alternativ enn obligasjonslånet, ifølgje børsmeldinga.

- Dette er ein justert plan, seier finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Kystruten, om innhaldet i børsmeldinga Havila Kystruten sende ut i dag.

Les børsmelding her

Havila Kystruten har leigd inn Arctic Securities, Fearnley Securities og Nordea Bank til å hjelpe seg med å vurdere det nye framlegget til finansiering. I tillegg er Wikborg Rein Advokatfirma og Advokatfirmaet Thommessen leigd inn som juridiske rådgivarar.

Opphavleg arbeidde Havila Kystruten for å få til ein refinansiering gjennom eit lån som skulle fri selskapet frå sin opphavlege långivar, det statseigde russiske selskapet GTLK - og dermed konsekvensen av at GTLK var omfatta av sanksjonane.

I samtalar med rådgivararane og potensielle investorar blei løysinga i staden ein emisjon på 65 millionar Euro - cirka 760 millionar kroner og eit obligasjonslpn på 325 millionar Euro. Långivarane ville at eigarane skulle gå inn med meir eigenkapital, og dermed dempe risikoen for långivarane.

Emisjonen vart fullteikna, men obligasjonsalternativet er førebels lagt til sides.

I og med at vilkåra for emisjonen kan bli endra vil investorane som teikna seg blir bedne om å stadfeste teikningar seinare, når vilkåra i det nye alternativet er avklart.

Publisert: 27.06.2023 09:31

Sist oppdatert: 27.06.2023 18:07

Mer om