Havila pollux bergen foto Havila Kystruten 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
TEKNISK SVIKT: Havila Pollux må skifte ut ein elmotor. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Havila Kystruten-skip med motortrøbbel

Avbraut reise nordover. Aksjekursen til botn.

30.10.2023

I kveld melde Havila Kystruten at skipet Havila Pollux i går avbraut reisa nordover, i Trondheim.

Grunner var tekniske feil på ein el-motor. Motoren må skiftast og reiarlaget ventar at skipet kan gå inn i neste rute, som startar i Bergen 8. november.

Les børsmelding her

Passasjerane kan velge om dei vil reise vidare nordover med eitt av dei tre andre Havila Kystruten, eller velge ein annan kompensasjon, ifølgje børsmeldinga.

Aksjekursen til Havila Kystruten fall 10,21 prosent i dag, til 0,77 kroner aksjen. Det er ny botnnotering for selskapet.

Publisert: 30.10.2023 20:52

Sist oppdatert: 30.10.2023 21:01

Mer om