Havila Kystruten vil sleppe aa leige skip
RESERVESKIP: MS Bremen og MS Expedition (innfelt) bygd i 1993 og 1972, har begge vore i kikkerten som erstatningsskip etter at Havila Kystruten ikkje klarte å få klart skip til å segle Bergen-Kirkenes til selskapet skulle starte seglingane i 1. januar 2021. No ber selskapet om å få sleppe å leige inn erstatningsskip.
Nytt

Havila Kystruten vil sleppe å leige skip

Havila Kystruten har søkt Samferdselsdepartementet om ja til å ikkje segle med erstatningsfartøy frå januar 2021.

20.10.2020
Havila Kystruten skulle etter planen segle med fire skip på strekninga Bergen-Kirkenes frå årskiftet. Ingen av skipa blir ferdig i tidsnok, og to av skipa er kraftig forseinka. No har koronakrisa redusert etterspørselen så kraftig at det ikkje er behov for å leige inn erstatningskip, meiner Kystruten.
Dei to Havila-skipa, Havila Castor og Havila Capella, blei sjøsett ved Tersan-verftet i Tyrkia i september. Dei er venta å bli levert i første kvartal neste år, og dei to neste skipa vil truleg først vere klare mot slutten av 2021.
Koronaepidemien har redusert etterspørselen etter sjøreiser, og konkurrenten Hurtigruten ASA, har fått godkjent å reduserer talet på avgangar. Hurtigruten ASA og Kystruten as delte på å få trafikkere passasjer- og godstrafikken mellom Bergen og Kirkenes då ruta sist vart lagt ut på anbod. Den nye anbodsperioden startar ved årsskiftet.

Treng ikkje skip

- Så lenge koronaen herjar og det er strenge reiserestriksjonar, så gjer marknadssituasjonen at det ikkje er behov for full trafikk på kystruta. Vi har difor bede Samferdselsdepartementet om ei avklaring rundt kva som blir forventa, og også om dei meiner det trengst erstatningsfartøy, seier Kystruten-sjef Arild Myrvoll i ei pressemelding.
Myrvoll si vurdering er at det ikkje er behov for å leige inn erstatningsskip.
NETT NO kontakta Samferdselsedepartementet i førre veke og fekk til svar at det var for tidleg å svare på om det var behov for å leige inn ekstra skip.

Spansk havari

Opphavleg skulle to av Havila Kystrutens nye skip byggast i Spania og to hos Tersan Shipyard i Tyrkia. Tersan Shipyard fekk jobben med å bygge dei to som spanske Barreras skulle bygge.
Barreras kansellert i fjor haust kontrakten med Havila Kystruten og partane møtest i retten i London.
Havila Kystruten-direktør Arild Myrvoll stadfesta i november i fjor til NETT NO at selskapet har mottatt det han meiner er ei urettmessig kansellering på kontrakten om bygginga av dei to skipa ved konkurstruga Hijos de Barreras i spanske Vigo.

Publisert: 20.10.2020 16:34

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:03

Mer om