Njål Sævik
SEKS SKIP I OPPLAG: Havila Shipping-sjef Njål Sævik har seks skip i opplag. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Havila sel fire skip

Offshorereiarlaget kvitter seg med fartøy etter ønske frå långivarane.

26.08.2021

Havila Offshore har inngått avtale med meklarar om sal av fire skip som er i opplag.

Det kjem fram i rapporten for andre kvartal som reiarlaget offentleggjorde onsdag.

Salet av fartøya skjer etter ønske frå långivarane og følgjer av restruktureringsavtalen reiarlaget inngjekk med kreditorane i fjor.

Har seks skip i opplag
På spørsmål om kva skip det dreiar seg om, svarar Havila Shipping-sjef Njål Sævik NETT NO at han ikkje har noko å legge til utover det som står i rapporten.

Reiarlaget i dag seks skip i opplag - Havila Crusader, Havila Aurora, Havila Fortune, Havila Mars, Havila Mercury, Havila Neptune.

Låg aktivitet
Marknader er , trass stigande oljepris, framleis prega av låg aktivitet og overkapasitet som gir stor konkurranse om oppdraga og press på inntektene.

I rapporten skriv reiarlaget at PSV-fartøya fekk betre ratar i andre kvartal, og eitt forsyningsskip blei teke ut av opplag.

Også subsea bidrog til betre inntening i kvartalet. Denne veka blei det kjent at Havila Phoenix sikra forlenga kontrakt med Neaxans til i vinter. Det ikkje har vore betydelege endringar som påverkar verdien av skipa i løpet av kvartalet.

Havila Shipping ASA

1. Halvår. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt245,7409,0
Driftsresultat-51,8-584,5
Resultat før skatt-58,91226,2
Havila Shipping ASA
2.kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt145,2201,0
Driftsresultat-8,0-568,0
Resultat før skatt-1,01457,9

Publisert: 26.08.2021 10:22

Sist oppdatert: 26.08.2021 10:37