Havila skip utleigd for tre aar
TRE ÅR: Havila Subsea er utleigd til Reach Subsea ASA. Skipet skal starte på jobben i mars i år. 
Nytt

Havila-skip utleigd for tre år

Havila Shipping leiger ut subsea-skipet Havila Subsea fram til 2020.

23.01.2017
Går alt etter planen er Havila Subsea klar til å starte oppdraget i mars i år. Kontrakten er på tre år, og leigetakar Reach Subsea ASA har deretter rett til å forlenge i eitt pluss eitt år.

Leigeprisen er ikkje opplyst.
- Vi meiner dette er ein så fornuftig deal at vi vel å ta båten ut av opplag, seier administrerande direktør Njål Sævik.

40 personar i arbeid

Med Havila Subsea i drift igjen betyr det at permitterte Havila-tilsette kjem attende i arbeid.
Skipet er bemanna med 15 personar frå reiarlaget på eitt skift, og Njål Sævik anslår at kontrakten med Reach Subsea vil sysselsette cirka 40 personar frå reiarlaget.

Reach Subsea er eit børsnotert selskap med hovudkontor i Haugesund. Selskapet har spesialisert seg på undervasstenester.

Åtte skip i opplag

Botnen i offshoremarknaden er nådd, sa Sævik i eit intervju med NETT NO fredag.

- Ja, det ser slik ut. Spørsmålet er no om vi kjem til å humpe vidare ei stund bortover på dette lave nivået, eller om oppturen kjem raskt. Sjølv trur eg det vil ta tid, truleg lang tid, sa Sævik.
Etter avtalen med Reach Subsea har Havila Shipping åtte skip i opplag. Tre av dei er plattformforsyningsskip som skal seljast som ein del av avtalen om å refinansiere selskapet.

Børs-hopp

Både Reach Subsea og Havila Shipping blei børsvinnarar då aksjehandelen starta klokka 09:00 i dag.
Reach Subsea-aksjen steig 13,36 prosent, Havila Shipping 9,02 prosent.
Vi meiner dette er ein så fornuftig deal at vi vel å ta båten ut av opplag

Publisert: 23.01.2017 10:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05