Havila Subsea undersøker gassrørleidning
Equinor har hyrt inn Havila-skipet for å undersøke Europipe 2 mellom Norge og Tyskland.
NPK - NETT NO: Ifølgje Reuters starta oljeservicefartøyet Havila Subsea undersøkingar av gassrøyrleidningen onsdag denne veka. Fartøyet har undervassrobotar om bord som kan brukast til å inspisere havbotn og røyrleidningar.
Jostein Alendal i Reach Subsea, som opererer Havila Subsea, seier til Reuters at det er Equinor som har bede om inspeksjonen. Equinor gjer inspeksjonar av gassrøyrleidningen på vegner av operatøren Gassco.
– Av tryggingsomsyn kan vi ikkje kommentere detaljar om konkrete tiltak, seier ein talsperson for Gassco i ein e-post til Reuters.
658 kilometer
Equinor har ikkje kommentert saka til Reuters. NTB har vore i kontakt med kommunikasjonsavdelinga i Equinor, som seier at dei undersøker saka.
Europipe 2 er 658 kilometer lang og går mellom Kårstø prosessanlegg i Rogaland og Dornum i Tyskland.
Vest for Flekkefjord
Norge har styrkt tryggleiken ved olje- og gassinstallasjonar etter at Nord Stream-røyrleidningane i Austersjøen vart utsette for det som ein går ut frå er sabotasje.
Det Havyard Leirvik-bygde skipet er 98 meter langt, 19,8 meter breidt og er innreidd for 78 personar.
Ifølgje Marine Traffic ligg skipet fredag i middagstida rett vest for Flekkefjord.
Publisert: 07.10.2022 11:48
Sist oppdatert: 07.10.2022 12:11