Havstein er flytande igjen
VANYLVEN: Her er Havstein på nytt flytande etter å ha kantra i Syltefjorden fredag.
Nytt

Havstein er flytande igjen

Berga av tre båtar frå Sandsøy Servicebåt.

15.08.2020
Ved hjelp av to båtar frå Sandsøy Servicebåt, er Herøy-båten Havstein flytande igjen etter at båten kantra i Syltefjorden i Vanylven fredag morgon.
Mannskapet på fire kom seg over i ein lettbåt, medan redningsskøyta RS Idar Ulstein slepte Havstein inn på grynnare vatn.
På Facebook opplyser Sandsøy Servicebåt at det vart ein stor bergingsjobb då Havstein brått gjekk ned.
- Redningsskøyta hadde sikra havaristen i land, og den låg på ca 6 meter djupne då vi gjekk igong, skriv selskapet.

Brukte tre båtar

Ved hjelp av dykkerar vart det festa stropper rundt havaristen. Deretter prøvde Sande Servicebåt med dei to båtane Anan og Hydra, men løftet vart for tungt.
- Etter justeringer, og i tillegg fått inn Regina, så lukkast vi å få havaristen høgt nok til å starte lensing.
- Kl 03.00 kunne vi konstantere at Havstein var flytande igjen. Takk for god innsats hos alle involverte, vert det fastslått.

Publisert: 15.08.2020 14:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01