Nytt
Havyard er haustens børsrakett
Over gangar 11 meir verdt på under tre månadar.
30.12.2020
8. oktober i år blei aksjar i Havyard Group kjøpte for 1,97 kroner pr. aksje. Sluttkurs i dag er 22,70 kroner, som verdset heile selskapet til 562 millionar. Kursen har ikkje vore høgare sidan februar 2015.
(Artikkelen er oppdatert med børskurs og verdi på selskapet etter at handelen på Oslo Børs er stengt i dag, 23. desember.)
I går offentleggjorde selskapet at datterselskapet Havyard Design & Solution AS er vald som designutviklar for ein brønnbåt på med 6000 kubikkmeter lastekapasitet. Der er brønnbåtreiaralaget Norsk Fisketransport som skal ha båtemn, som blir ein av dei største i verda. Kva verft som skal bygge båten er førebels ikkje avgjort, seier Havyardsjef Gunnar Larsen.
"Partene vil i tiden fremover samarbeide tett for å optimalisere designet for mest mulig effektiv drift, frem mot endelig designkontrakt i forbindelse med valg av byggeverft.", heiter det i børsmeldinga.
Gjeldsforhandlingane i det gamle skipsbyggingselskapet kom i mål. Det blei skilt ut som ein del av arbeidet med å refinansiere Havyard Group og skipsbyggingsverksemda blei ført vidare i selskapet New Havyard Ship Technology.
Havyard varsla og at selskapet først og fremst vil satse på ombygging-, vedlikehald- og reparasjonsoppdrag verd verftet i Leirvik i Sogn, i staden for nybygg.
Havyard vurderer og at datterselskapa Havard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, blir skilt ut og samla i eit eige selskap - og notert på Oslo Børs.
Dei pantesikra kreditorane har gitt «prinsipiell tilslutning» til planen, ifølgje børsmeldinga send ut i slutten av oktober. Havyard Group ventar at refinansieringa og børsnoteringa er i mål i løpet av første kvartal 2021, sa Gunnar Larsen til NETT NO i november i år.
Sævik-familien, med Per Sævik i spissen, eig over 57 prosent av aksjane i Havyard Group. Aksjane er eigd gjennom familieselskapet Havila Holding og familiemedlemane sine personlege investeringsselskap.
Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
(Artikkelen er oppdatert med børskurs og verdi på selskapet etter at handelen på Oslo Børs er stengt i dag, 23. desember.)
Brønnbåtkontrakt
I dag er Havyard mellom vinnarane på Oslo Børs, med ein kursstigning på 21 prosent samanlikna med sluttkursen i går.I går offentleggjorde selskapet at datterselskapet Havyard Design & Solution AS er vald som designutviklar for ein brønnbåt på med 6000 kubikkmeter lastekapasitet. Der er brønnbåtreiaralaget Norsk Fisketransport som skal ha båtemn, som blir ein av dei største i verda. Kva verft som skal bygge båten er førebels ikkje avgjort, seier Havyardsjef Gunnar Larsen.
"Partene vil i tiden fremover samarbeide tett for å optimalisere designet for mest mulig effektiv drift, frem mot endelig designkontrakt i forbindelse med valg av byggeverft.", heiter det i børsmeldinga.
Gevinst på avklaring og omorganisering
Fleire avklaringar i løpet av hausten er truleg medverkande til kursstiginga sidan starten på oktober:Gjeldsforhandlingane i det gamle skipsbyggingselskapet kom i mål. Det blei skilt ut som ein del av arbeidet med å refinansiere Havyard Group og skipsbyggingsverksemda blei ført vidare i selskapet New Havyard Ship Technology.
Havyard varsla og at selskapet først og fremst vil satse på ombygging-, vedlikehald- og reparasjonsoppdrag verd verftet i Leirvik i Sogn, i staden for nybygg.
Havyard vurderer og at datterselskapa Havard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, blir skilt ut og samla i eit eige selskap - og notert på Oslo Børs.
Dei pantesikra kreditorane har gitt «prinsipiell tilslutning» til planen, ifølgje børsmeldinga send ut i slutten av oktober. Havyard Group ventar at refinansieringa og børsnoteringa er i mål i løpet av første kvartal 2021, sa Gunnar Larsen til NETT NO i november i år.
Sævik-familien, med Per Sævik i spissen, eig over 57 prosent av aksjane i Havyard Group. Aksjane er eigd gjennom familieselskapet Havila Holding og familiemedlemane sine personlege investeringsselskap.
Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Publisert: 30.12.2020 12:20
Sist oppdatert: 23.12.2022 10:05