Havyard kursen skaut i vaeret
OPPTUR: Havyard Group-sjef Gunnar Larsen gler seg over kursutviklinga på børsen onsdag. 
Nytt

Havyard-kursen skaut i været

Aksjeverdien til konsernet meir enn dobla seg. Havyard-sjefen kan berre spekulere i årsaka.

Marius Rosbach
14.10.2020
Etter at Havyard Group-aksjen starta på rett under 2,5 kroner då Oslo børs opna onsdag, var den nokre timar seinare stege i verdi med meir enn 80 prosent. Etter ein liten dupp i timane etterpå, gjekk kursen igjen oppover før stengetid og enda med ein sluttkurs på 6,22.
Fasit på slutten av dagen var ein oppgang på 158 prosent. Det er kring eitt år sidan aksjen låg på eit tilsvarande nivå.
Det blei omsett Havyard-aksjar for nær 16 millionar kroner i løpet av dagen. Børsverdien på selskapet enda på 153 millionar.
(ekstern lenke)

Håpar investorane har oppdaga anna enn verft

Havyard-sjef Gunnar Larsen fortel til NETT NO at han har fått med seg at «det har gått bra», men kan berre spekulere i årsaka. Det er ikkje sendt ut noko børsmelding frå konsernet som har hovudkontor i Herøy.
Konsernet har vore gjennom ei tøff periode der dei har jobbe med restrukturering av finansane, samtidig som verftet i Leirvik har fått mykje merksemd.
– Verft er kanskje ikkje det mest spennande for investorane om dagen, men kanskje er det andre delar av verksemda som marknaden har funne interessant, seier han.
Larsen trekk fram Norwegian Electric Systems – som leverer utstyr til elektrifisering av mellom anna ferje, Havyard Design – som har investert mykje tid i forsking- og utviklingsprosjekt dei siste åra og Norwegian Green Tech – som har veks som følgje av nye reglar for å reinse ballastvatn om bord. Alle desse er selskap som ligg langt framme i det «grøne skiftet».
– Kanskje er noko av dette kome fram av skuggane. Dette er iallfall selskap som vi har trekt fram som interessante områder, seier Larsen.

Utsett frist for refinansiering

I september blei det kjent at konsernet har fått tre månader ekstra på seg til å betale eit obligasjonslån på 80 millionar kroner og 15 millionar kroner i avdrag på eit banklån til DNB.
Poenget med å utsette fristen var å få meir tid til å finne ei langvarig løysing for korleis konsernet skal refinansierast. Store tap på skipsbyggingsverksemda i konsernet er grunnen til at konsernet treng refinansiering.

Koronastengt verft

For augneblinken er Leirvik-verftet stengt fram til 19. oktober som følgje av koronasmitte mellom dei tilsette. Verftsleiinga har påpeika det dette vil forseinka prosjekt dei har under bygging.
Havyard hadde eit positivt driftsresultat i første halvår og eit resultat før skatt på minus 32 millionar kroner. Neste kvartalstal er venta i slutten av neste månad.

Publisert: 14.10.2020 14:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03