Nytt
Havyard MMC og First Process går saman
Har inngått intensjonsavtale om å slå saman selskapa.
29.05.2017
Begge selskapa lagar utstyr til fiskeindustri, fiske- og oppdrettsnæringa, og målet for eit samanslått selskap er å nå ein halv milliard kroner i driftsinntekter i 2017.
Optimar-konsernet, som hittil har vore storebror blant utstyrsprodusentane på Nordvestlandet, hadde til samanlikning 444 millionar kroner i driftsinntekter i 2015.
Det nye selskapet vil få 130 tilsette i starten, men skal bli fleire.
- Vi kjem ganske kjapt til å rekruttere meir folk, seier Havyard MMC-sjef Leif Gjelseth, som også blir toppsjef i det samanslåtte selskapet.
Målet er å bli ein komplett leverandør, både til pelagisk fiskeindustri, kvitfiskindustrien og oppdrettsnæringa. I første omgang landindustri målet, men etterkvart også fabrikkanlegg ombord i båtar.
Havyard MMC-sjef Leif Gjelseth blir administerande direktør i det nye selskapet, First Process-sjef Petter Leon Fauske blir viseadministerande direktør.
Målet er at intensjonsavtalen blir til ein endleg avtale i løpet av våren. Det samanslåtte selskapet skal heite MMC First Process.
- Vi skal vekse og vil tilsette fleire, sa First Process-sjef Petter Leon Fauske til NETT NO i starten av februar. Det er gode tider og investeringsvilje i fiskeribransjen, sa han.
I første omgang er blir det lyst ut 5-8 stillingar på anlegget på Sjøholt.
Det er også frå First Process dei første nye produkta frå det nye selskapet blir lansert.
- Dei første store satsingane blir mot pelagisk, sier Fauske.
Nylanseringane kjem utover våren, og kan også bli kobla med offentleggjering av nye kontraktar.
- Vi jobbar konkret med spennande produkt med spennande kundar, seier Fauske.
MMC First Process vil få 130 tilsette frå starten og levere utstyr til brønnbåtar, fiskebåtar, landbaserte pelagiske fabrikkar, kuldeanlegg, utstyr til akvakultur og til ballastrensing. I tillegg driv selskapet og service og vedlikehald.
Optimar-konsernet, som hittil har vore storebror blant utstyrsprodusentane på Nordvestlandet, hadde til samanlikning 444 millionar kroner i driftsinntekter i 2015.
Det nye selskapet vil få 130 tilsette i starten, men skal bli fleire.
- Vi kjem ganske kjapt til å rekruttere meir folk, seier Havyard MMC-sjef Leif Gjelseth, som også blir toppsjef i det samanslåtte selskapet.
Målet er å bli ein komplett leverandør, både til pelagisk fiskeindustri, kvitfiskindustrien og oppdrettsnæringa. I første omgang landindustri målet, men etterkvart også fabrikkanlegg ombord i båtar.
Utfyller kvarandre
- Selskapa våre utfyller kvarandre når det gjeld kompetanse, produkt og marknad. Og vi kan no levere større og meir komplette utstyrspakkar enn det vi gjer i dag, seier Leif Gjelseth og Petter Leon Fauske i ei pressemelding.Havyard MMC-sjef Leif Gjelseth blir administerande direktør i det nye selskapet, First Process-sjef Petter Leon Fauske blir viseadministerande direktør.
Målet er at intensjonsavtalen blir til ein endleg avtale i løpet av våren. Det samanslåtte selskapet skal heite MMC First Process.
75/25
Havyard Group får 75 prosent av aksjane i det nye selskapet, First Process-eigarane resten.- Vi skal vekse og vil tilsette fleire, sa First Process-sjef Petter Leon Fauske til NETT NO i starten av februar. Det er gode tider og investeringsvilje i fiskeribransjen, sa han.
I første omgang er blir det lyst ut 5-8 stillingar på anlegget på Sjøholt.
Det er også frå First Process dei første nye produkta frå det nye selskapet blir lansert.
- Dei første store satsingane blir mot pelagisk, sier Fauske.
Nylanseringane kjem utover våren, og kan også bli kobla med offentleggjering av nye kontraktar.
- Vi jobbar konkret med spennande produkt med spennande kundar, seier Fauske.
MMC First Process vil få 130 tilsette frå starten og levere utstyr til brønnbåtar, fiskebåtar, landbaserte pelagiske fabrikkar, kuldeanlegg, utstyr til akvakultur og til ballastrensing. I tillegg driv selskapet og service og vedlikehald.
Vi kjem ganske kjapt til å rekruttere meir folk
Publisert: 29.05.2017 16:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06