Nytt
Havyard partnar i hydrogenprosjekt
Havyard Group er partnar i eit utviklingsprosjekt for å bygge eit godstransportskip som skal gå på hydrogen.
21.01.2021
Det er eit ikkje namngitt europeisk reiarlag som har Havyard Group med på laget i å utvikle skipet, som etter planen skal frakte gods i Europa.
Planen er å arbeide med forprosjektet i 2021 og Havyard Group skal arbeide både med skipsdesignet og med hydrogenteknologi. Dersom arbeidet lukkast er neste steg å bygge skipet, og Havyard sin intensjon er å vere med også på hovudprosjektet, seier dagleg leiar Kristian Osnes i Havyard Hydrogen, eit datterselskap i Havyard Group.
Det europeiske reiarlaget har mellom anna etterspurt Havyard si evne til å lage ein digital tvilling av skipet og sette det i drift på et virtuelt hav, for å kunne teste mange ulike løysingar på kort tid.
Ikkje lenge etter at etableringa av Havyard Hydrogen vart varsla, melde Havyard Group at konsernet vurderer å skille ut og samle fleire datterselskap; Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, i eit eige selskap - og notere det på Oslo Børs.
Planen er å arbeide med forprosjektet i 2021 og Havyard Group skal arbeide både med skipsdesignet og med hydrogenteknologi. Dersom arbeidet lukkast er neste steg å bygge skipet, og Havyard sin intensjon er å vere med også på hovudprosjektet, seier dagleg leiar Kristian Osnes i Havyard Hydrogen, eit datterselskap i Havyard Group.
Det europeiske reiarlaget har mellom anna etterspurt Havyard si evne til å lage ein digital tvilling av skipet og sette det i drift på et virtuelt hav, for å kunne teste mange ulike løysingar på kort tid.
Hydrogen- og miljø-satsing
Havyard-konsernet etablerte selskapet Havyard Hydrogen i fjor haust. Datterselskapet skal levere komplette system for bruk av hydrogen om bord på skip.Ikkje lenge etter at etableringa av Havyard Hydrogen vart varsla, melde Havyard Group at konsernet vurderer å skille ut og samle fleire datterselskap; Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, i eit eige selskap - og notere det på Oslo Børs.
Publisert: 21.01.2021 12:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12