Havyard Leirvik foto Havnevik
UTVIDAR: Hayard Group sitt bemanningsselskap har forsynt verftet i Leirvik (biletet) med arbeidskraft. No skal det også satse mot nye bransjar. Foto: Havnevik
Nytt

Havyard sel seg ned i bemanningsselskap

Utvidar til nye marknadar med ny medeigar.

24.01.2022

Bemanningsselskapet til Qualitech Group har kjøpt halvparten av aksjane i Havyard Group sitt bemanningsselskap, HPR (Human Productions Resources).

HPR har forsynt Havyard Group sitt verft i Leirvik med arbeidskraft, først og fremst frå Polen. I dag inngår omlag 100 personar i basen til selskapet.

Med nye medeigar skal det satsast i nye marknadar, ifølgje ei pressemelding frå Havyard Group.

Inn i bygg og anleggsbransjen
QualiTech har per i dag ei base på 130 fagarbeidere og ein kundeportefølje
innan maritim, offshore, bygg & anlegg, industri, infrastruktur og fiskeri, ifølgje pressemeldinga.

Satsinga på nye bransjar skal skje i samarbeid med Qualitech, ifølgje pressemeldinga.

Havyard sitt verft var tidlegare eit nybyggingsverft, med tap og færre oppdrag har gjort at verftet i staden har snudd seg mot marknaden for ombygging, reparasjonar og vedlikehald.

Eigar frå Bergen
I tillegg til bemanningsselskap omfattar Qualitech Group også ingeniørselskap. Quality Group har adresse i Høyanger i Sogn.

Største eigar er Lt Partner med Svein Tore Torvund og Arvid Lønne som 50/50-eigarar.

Quality Group blei etablert i 2020.

Publisert: 24.01.2022 09:59

Sist oppdatert: 24.01.2022 10:00