Onsdag blei det meldt oppbod for selskapet Green Enviro med adresse i Herøy, ifølgje ei frå Brønnøysundregistera. Dagleg leiar har vore Gunnar Larsen, som tok over som Havyard-sjef etter at Geir Johan Bakke gjekk på dagen mot slutten av fjoråret.
– Vi har venta på ei avklaring på eit skattekrav mot selskapet. Då det blei klart, var storleiken slik at det ikkje var midlar att til å halde selskapet i drift og styret beslutta å melde oppbud, fortel Larsen til NETT NO.
Han vil ikkje opplyse storleiken på kravet, men påpeiker at situasjonen elles i Havyard-konsernet er slik at dei ikkje har midlar til å bruke på dette.
– Det har vore liten aktivitet i selskapet i det siste, seier Larsen og påpeiker at han ikkje har detaljkunnskap til historikken til selskapet frå før han ble daglig leder i september i 2018.
Bustyrar er Thomas Lundberg som opplyser til NETT NO at han akkurat har fått papira frå tingretten og at det difor er for tidleg å uttale seg.
I rekneskapen går det fram at det er gjort store nedskrivingar på fordringar fordi det var usikkerheit om dei let seg inndrive. Samtidig fekk selskapet ettergitt eit ansvarleg lån på drygt ti millionar kroner frå andre selskap i konsernet.
Ved utgangen av 2018 var det oppført ein negativ eigenkapital på 4,5 millionar og leverandørgjeld på 1,9 millionar.
Tidlegare hadde selskapet produksjon på Selje, men lukkast ikkje å slå gjennom i marknaden. I 2013 gjekk Sævik-familien sitt selskap, Havila Holding, ut som eigarar. Ifølgje Dagens Næringsliv hadde dei då skote inn fleire titals millionar kroner i satsinga.
– Vi har venta på ei avklaring på eit skattekrav mot selskapet. Då det blei klart, var storleiken slik at det ikkje var midlar att til å halde selskapet i drift og styret beslutta å melde oppbud, fortel Larsen til NETT NO.
Han vil ikkje opplyse storleiken på kravet, men påpeiker at situasjonen elles i Havyard-konsernet er slik at dei ikkje har midlar til å bruke på dette.
Les også:
Satsa på avfallshandtering
Selskapet blei verande att i Havyard etter salet av aksjeposten i MMC First Process i fjor, og skifta namn frå Global Enviro til Green Enviro i februar i 2019. Dei har satsa på system for avfallshandtering, og spesielt matavfall, både i bygg og på skip – men har ikkje hatt tilsette dei siste åra.– Det har vore liten aktivitet i selskapet i det siste, seier Larsen og påpeiker at han ikkje har detaljkunnskap til historikken til selskapet frå før han ble daglig leder i september i 2018.
Bustyrar er Thomas Lundberg som opplyser til NETT NO at han akkurat har fått papira frå tingretten og at det difor er for tidleg å uttale seg.
Store tap
frå 2018 viser store tap og eit driftsunderskott på kring 8,4 millionar kroner. Inntektene var på drygt 2,5 millionar.I rekneskapen går det fram at det er gjort store nedskrivingar på fordringar fordi det var usikkerheit om dei let seg inndrive. Samtidig fekk selskapet ettergitt eit ansvarleg lån på drygt ti millionar kroner frå andre selskap i konsernet.
Ved utgangen av 2018 var det oppført ein negativ eigenkapital på 4,5 millionar og leverandørgjeld på 1,9 millionar.
Nær konkurs i 2016
NETT NO omtala i 2016 mot selskapet frå Skatt Øst. etter at eigarane fann ei løysing for å halde fram.Tidlegare hadde selskapet produksjon på Selje, men lukkast ikkje å slå gjennom i marknaden. I 2013 gjekk Sævik-familien sitt selskap, Havila Holding, ut som eigarar. Ifølgje Dagens Næringsliv hadde dei då skote inn fleire titals millionar kroner i satsinga.
Publisert: 16.04.2020 14:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56