Havyard vil utsette laan
BER OM MEIR TID. Havyard-sjef Geir Johan Bakke har kunne glede seg over ein opptur på børsen etter at selskapet la fram eit overskot i første kvartal. No ber han om å få vente med å betale attende eit lån på 150 millionar kroner.
Nytt

Havyard vil utsette lån

Havyard vil utsette attendebetaling av obligasjonslån med 18 månader.

17.06.2016
Selskapet kaller i dag inn obligasjonslångivarane til møte for å be om at dei godtek at attendebetaling av obligasjonslånet på 150 millionar blir utsett i 18 månadar, til 13. desember 2018.

I bytte skal obligasjonseigarane få auka rente, frå 5,5 til 7,0 prosent. Dessutan blir det lagt "strenge restriksjonar" på utbytteutbetaling frå selskapet.
Långivarane får og høve til å gjere deler av lånet om til aksjar i selskapet. Det er snakk om inntil 18,6 millionar kroner av lånet. Beløpet kan gjerast om til 2,3 millionar aksjar til kurs 8,25 kroner pr. aksje.
Seier obligasjonseigarane ja vil det ha ein positiv effekt på "selskapet finansielle og operasjonelle stilling", heiter det i børsmeldinga. Eit ja betyr mellom anna større sjanse til å få byggelån.
Obligasjonseigarmøtet er 30. juni.
Selskapet skriv i børsmeldinga at det har mottatt støtte frå eigarar av over to tredjepartar av lånet, og dermed har den naudsynte støtta til at framlegget blir godtatt på obligasjonseigarmøtet.

Publisert: 17.06.2016 17:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58