Hei det er Siv Sit du
MINISTER: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik fortalde under ein konferanse på Raudeberg kva som skjedde då han vart ny fiskeriminister.
Nytt

- Hei, det er Siv. Sit du?

- Den mest vidunderlege oppringing eg nokon gong har fått.

18.09.2018
Slik karakteriserte fiskeriminister Harald Tom Nesvik telefonen han fekk frå partileiar Siv Jensen seint på fredagskvelden 10. august.
Han sat åleine i stova i Ålesund med noko godt i glaset som han hadde på armlenet i godstolen.
Og så ringde det.
- Hei, det er Siv. Sit du?
- Ja.
- Vil du bli fiskeriminister?
- Ja.
- Då må du vere i Oslo på mandag.
- Ja.
- Fint, Erna ringer deg om litt.
- Greit,men la meg ringe kona først.

- Ein draum

Det var under den store fiskeri- og havbrukskonferansen på Raudeberg tysdag at Nesvik kasta manuskriftet og fortalde om oppringinga etter at tidlegare fiskeriminister Per Sandberg valde å trekkje seg.
- Eg brenn verkeleg for dette feltet. For meg var dette ein draum som vart realitet, sa Nesvik.
Han hadde eigentleg slutta med politikk etter 20 år på Stortinget, og hadde rukke å takke nei til å verte fylkesmann i Møre og Romsdal før han i staden tok jobb i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.
Men så kom telefonen som endra alt.
- Den mest vindunderlege oppringinga eg nokon gong har fått, fastslo Nesvik.

Ingen tolegrense for fusk

Under konferansen gjorde han det klart at han kom til å stå på dag og natt for næringa, men ville ikkje tolerere fusk og fanteri.
- Då skal eg love at dei vil få 120 kilo og 187 centimeter fiskeriminister etter seg.
Han slo også fast at han ville ha meir av fisken på land.
- Det er ingen grunn til at ein einaste fisk vert skylt over bord så lenge vi kan produsere protein av det.
- I retur skal dokke få gode rammevilkår, sa Nesvik til forsamlinga av fiskeri- og havbruksaktørar.

Rekrutteringskvoter

Han var også opptatt av at det vart lagt til rette for at meir ungdom kjem inn i næringa.
- Dette er grunnen til at det i år vert ti nye rekrutteringskvoter til fiskerinæringa.
Målet er å passere 100 milliardar kroner i samla eksport i år.
- Vi kan klare det, men ei renteauke vil eventuelt trekke ned.
Han var også uroleg for ein hard brexit, noko som ville få negative konsekvensar for eksporten av norsk fisk til Storbritannia, mellom anna sjøfrosen hyse- og torskefilet til fish & chips-industrien.
- Eg trur ikkje det vert ein hard brexit, men om det skjer, vil vi fort kunne få tollbarriærer på norsk fisk. Det er ikkje bra, fastslo Nesvik.
Då skal eg love at dei vil få 120 kilo og 187 centimeter fiskeriminister etter seg

Publisert: 18.09.2018 14:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26