Onsdag kveld vart Bygderadio Vest overraska med SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin drivkraft-pris for 2020.
Sparebanken sin ærespris på 25.000 kroner kan gjevast til personar, lag, institusjonar eller tiltak i banken sitt distrikt som over tid har gjort seg fortent til ei særleg påskjøning for kulturelt eller humanitært arbeid.
– Det var ei hyggeleg overrasking, fortel redaktør Knut Arne Høyvik til NETT NO.
– Radioen står og fell på det. Det er ingen lønnsutbetalingar, men vi får litt køyregodtgjersle, legg han til.
Sparebanken skriv i pressemeldinga om prisen at Bygderadio Vest «spreiar humor, glede og engasjement i heile regionen, til stor glede for heile lokalsamfunnet».
– Bygderadio Vest er eit resultat av eit enormt dugnadarbeid. Det verdifulle arbeidet som blir lagt ned står det stor respekt av, og noko vi synast fortenar ei særleg påskjøning, uttalar administrerande direktør Stig Brautaset.
Rekneskapane til radiokanalen dei siste åra viser inntekter på kring ein million kroner og greie overskott.
Mange av dei som er engasjert i arbeidet er pensjonistar, med ei interesse for å halde radioen i live. Høyvik fortel at dei jobbar med å utvikle seg, mellom anna har dei eit håp om at dei skal få nokre unge til å lage eit musikkprogram den komande tida.
– I tillegg til ungdom, saknar vi fleire kvinner vi kan intervjue. Dei er litt meir tilbakehaldne enn mannfolka. Vi forsøker også få litt meir humor inn i programmet, seier han.
Han fortel at dei også driv med litt opplæring i bruk av nokre små opptakarar, som folk kan ha med seg ut på oppdrag. Det er enkelt i bruk og kan redigerast heime, slik at folk ikkje er avhengig av studio.
Sparebanken sin ærespris på 25.000 kroner kan gjevast til personar, lag, institusjonar eller tiltak i banken sitt distrikt som over tid har gjort seg fortent til ei særleg påskjøning for kulturelt eller humanitært arbeid.
– Det var ei hyggeleg overrasking, fortel redaktør Knut Arne Høyvik til NETT NO.
– Eit enormt dugnadarbeid
Ulsteiningen tok over som redaktør i fjor og fortel at økonomien er «rimeleg grei» – så lenge dei er samde om å halde fram dugnaden.– Radioen står og fell på det. Det er ingen lønnsutbetalingar, men vi får litt køyregodtgjersle, legg han til.
Sparebanken skriv i pressemeldinga om prisen at Bygderadio Vest «spreiar humor, glede og engasjement i heile regionen, til stor glede for heile lokalsamfunnet».
– Bygderadio Vest er eit resultat av eit enormt dugnadarbeid. Det verdifulle arbeidet som blir lagt ned står det stor respekt av, og noko vi synast fortenar ei særleg påskjøning, uttalar administrerande direktør Stig Brautaset.
Rekneskapane til radiokanalen dei siste åra viser inntekter på kring ein million kroner og greie overskott.
Vil gjerne intervjue fleire kvinner
Bygderadio Vest har sendingar kvar dag, mellom anna med radiobingo måndagar og dei populære kveldssendinga fredagane.Mange av dei som er engasjert i arbeidet er pensjonistar, med ei interesse for å halde radioen i live. Høyvik fortel at dei jobbar med å utvikle seg, mellom anna har dei eit håp om at dei skal få nokre unge til å lage eit musikkprogram den komande tida.
– I tillegg til ungdom, saknar vi fleire kvinner vi kan intervjue. Dei er litt meir tilbakehaldne enn mannfolka. Vi forsøker også få litt meir humor inn i programmet, seier han.
Han fortel at dei også driv med litt opplæring i bruk av nokre små opptakarar, som folk kan ha med seg ut på oppdrag. Det er enkelt i bruk og kan redigerast heime, slik at folk ikkje er avhengig av studio.
Les også:
I tillegg til ungdom, saknar vi fleire kvinner vi kan intervjue. Dei er litt meir tilbakehaldne enn mannfolka
Publisert: 07.01.2021 12:09
Sist oppdatert: 19.05.2021 16:00