Heider til Skipsteknisk design
PRIS: "Atlantic" er ein sikker, effektiv og luksuriøs båt meiner det internasjonale maritime magasinet Baird Maritime.
Nytt

Heider til Skipsteknisk-design

«Atlantic» kåra til årets linebåt.

26.01.2021
«Atlantic» frå skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund og Tersan Shipyard i Tyrkia, er kåra til beste linebåt 2020 .
– Den vakre og svært imponerande linebåten «Atlantic» representere det absolutt siste i fiskefartøy-design, konstruksjon, komfort og framdriftsteknologi, skriv magasinet.

Det er fiskebåtreiarlaget Atlantic Longline som eig båten. Det er ein kombinert linebåt og snurrevadbåt som vart levert frå verftet tidleg i 2020.

Viktig pris

- Det betyr ein heil del. Baird Publications har ein dagleg shippingbulletin. Dei dekkjer alt som blir bygd, seier Inge Bertil Straume, leiar for fiskebåtmarknaden i Skipsteknisk.
Selskapet har kundar over heile verda, og difor er denne type publisitet god marknadsføring, seier Straume.

Publisert: 26.01.2021 12:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13