Heidra veteran i Remoey Management
FEKK MEDALJE: Frå venstre: Styreleiar Ståle Remøy, teknisk sjef Leifmar Andreassen og dagleg leiar Even T. Remøy i samband med feiringa ved Bogne Breseri & Catering.
Nytt

Heidra veteran i Remøy Management

«Erfaring, pålitelegheit og tillit», er verdiane til reiarlaget. – Leifmar har i stort monn bidrege til at vi kan definere oss med desse, sa Ståle Remøy då han delte ut medalje for lang og tru teneste.

Marius Rosbach
10.05.2019

Leifmar Andreassen frå Fosnavåg er tildelt Medaljen for lang og tru teneste av Det Kongelige Selskap for Norges Vel. 66-åringen har vore tilsett i Remøy Management i 30 år og vart heidra av arbeidsgjevaren torsdag kveld.

– Medaljen er eit handfast og varig bevis på Leifmar sin innsats og betydning for Remøy Management, sa han i talen. Vidare heldt han fram - På heimesida vår, og i møter med forbindelsar, frontar vi rederiet sine verdiar; erfaring, pålitelegheit og tillit. I tillegg legg vi vekt på å bygge langvarige relasjonar med våre samarbeidspartnarar. Leifmar har i stort monn bidrege til at vi kan definere oss med desse verdiane. Han er kunnskapsrik, nysgjerrig og tolmodig, sa styreleiar og reiar Ståle Remøy då han overrekte medaljen, ifølgje ei pressemelding.

Under middagen fekk heidersgjesten mange lovord og det vart fortalt mange gode historier frå karrieren hans.

– På kontoret vert han kalla Petter Smart. Han legg ikkje frå seg eit uløyst problem. Han er også ein god læremeister og forklarer tekniske løysingar på ein måte som gjer at det vert forståeleg for alle. I tillegg er han jovial og omgjengeleg, full av gode historier og godt humør, sa Remøy og gratulerte med vel gjennomførte 30 år i bedrifta.

Det Kongelige Selskap for Norges Vel delar ut Medaljen for lang og tru teneste for å synleggjere og verdsette innsats i arbeidslivet. Medaljen er ei unik utmerking med lange tradisjonar, og er tildelt heilt sidan 1888.

Rederiet Remøy Management i Fosnavåg vart etablert i 1972 av brørne Tore og Ståle Remøy.


Publisert: 10.05.2019 14:03

Sist oppdatert: 05.06.2022 13:53