Nytt
Heimemarknaden i fare
Det viktige sommarsalet i Geiranger er i fare for Geiranger Bryggeri, men bryggeriet er i stand til å tåle ein slik nedtur.
27.03.2020
Frå og med i fjor var økonomien i Geiranger Bryggeri blitt god nok til at selskapet kunne betale ut vanleg løn for arbeidsinnsatsen. I fjor fekk bryggeriet også to ølsortar inn på Vinmonopolet si basisliste. Det sikrar landsomfattande distribusjon og gjorde at bryggeriet hadde ein auke i salet i januar og februar i år på 25 prosent, samanlikna med same månadar i 2019.
Med full klaff kan bryggeriet ha ytterlegare to øl på basislista i løpet av året.
Selskapet har hatt vekst sidan starten, og har gradvis utvida marknaden ut over Geiranger. No utgjer salet i sommarsesongen i Geiranger omlag 40 prosent av driftsinntektene på årsbasis, anslår dagleg leiar og medeigar Frank Maråk - som sjølv står for brygging og drift.
- Det er ikkje meir enn vi skal tåle å handtere, seier han.
Med full klaff kan bryggeriet ha ytterlegare to øl på basislista i løpet av året.
Korona-fare
Men salet i Geiranger i turistsesongen er framleis svært viktig for bryggeriet, som blei starta nettopp med utgangspunkt i å nå turistane i Geiranger.Selskapet har hatt vekst sidan starten, og har gradvis utvida marknaden ut over Geiranger. No utgjer salet i sommarsesongen i Geiranger omlag 40 prosent av driftsinntektene på årsbasis, anslår dagleg leiar og medeigar Frank Maråk - som sjølv står for brygging og drift.
Tåler ein trøkk
Betydninga av Geiranger-turistane gjer at ein total svikt i turismen i sommar vil slå hardt ut for bryggeriet, men lite gjeld og stor fleksibilitet til å kutte kostnadar gjer at Maråk meiner bryggeriet vil tåle ein slik trøkk.- Det er ikkje meir enn vi skal tåle å handtere, seier han.
Publisert: 27.03.2020 06:00
Sist oppdatert: 27.05.2022 09:32