Held paa tre dagars avis
STÅR I MOT: Møre i Volda held på tre papirutgåver i veka, medan alle Sunnmørsposten sine lokalaviser no har redusert talet på papirutgåver.
Nytt

Held på tre-dagars avis

Avisa Møre held på tre papirutgåver i veka, sjøl om konkurrenten Møre-Nytt kuttar avisdagar.

19.06.2019
- Det er overraskande kor mange som gir oss tilbakemeldingar om at dei vil ha papiravisa, sjølv om dei kan få e-avis, seier Tore Aarflot, redaktør og dagleg leiar.
Konkurrenten i Ørsta, Møre-Nytt, har nettopp varsla at den går over frå tre til to utgåver i veka, men vurderinga i Volda er at Møre framleis skal kome i postkassene tysdag, torsdag og laurdag.

Posten avgjorde

I Volda sentrum har Møre boddistribusjon, men i bygdene i Austefjorden, Bjørke, Hornindal og Dalsfjorden er det Posten som ber avisene fram. At posten skal distribuere aviser tre dagar i veka i staden for to dagar den eine veka og tre den neste, var avgjerande for at Møre valde å halde fram med tre papirutgåver i veka, i følgje Tore Aarflot.
Aarflots Prenteverk betra lønsemda i fjor, trass ein tøff annonsemarknad.
Det er far Tore og datter Tonje Aarflot som eig og driv Aarflot Prenteverk. Forgjengaren til avisa Møre vart starta allereie i 1810, og avisa er den eldste lokalavisa i landet.
Nettavisa til Møre er ein del av abonnementet. Storparten av artiklane på nettet er berre opne for abonnentar.

Publisert: 19.06.2019 11:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36