Nytt
Helland satsar på velferdsteknologi
I løpet av året håpar Joakim Helland å kunne lansere ein stol med innebygd telefonfunksjon.
30.04.2019
Fredag i førre veke opna Helland Møbler i Stordal nettbutikk.
Neste nysatsing som blir lansert frå selskapet blir møblar med innebygd velferdsteknologi, som til dømes stolen med telefonfunksjon. Velferdsteknologi kan vere eit hjelpemiddel som til dømes gjer at eldre kan bli buande lenger heime.
Sensorar kan gi melding til pårørande når nokon sit i stolen, og takka vere innbygd høgtalar, mikrofon og telefonteknologi i stolen er det berre å sette i gang samtalen.
Han ser også for seg å bygge inn fleire funksjonar i møblane, som til dømes å minne om når det er tid for å strekke litt på seg.
Kommunane i samarbeidet deler mellom anna på bruken av ei forsøksleilegheit på NTNU der ny helseteknologi blir testa.
Tilbakemeldinga frå fleire av brukarane er at dei gjerne skulle hatt møblane i sine private heimar, seier Joakim Helland. Bedrifta har brukt lang tid på å avgjere korleis den kunne nå privatkundane, før den til slutt valde å satse på nettbutikk. Der sell selskapet den delen av kolleksjonen selskapet meiner passar best i private heimar.
Å selje gjennom etablerte møbelkjeder var ikkje aktuelt. Då blir du låst i eit rabattjag og misser kontrollen, etter Helland si vurdering.
Investeringa i nettbutikksystem og marknadsføring er til saman på mellom to og tre millionar kroner anslår han. I første omgang er nettbutikken ei avdeling i selskapet. Blir det vellykka er det aktuelt å skilje nettbutikken ut i ein eigen organsisasjon.
- Dette kjem vi til å utvikler meir, seier Helland.
Driftsinntektene auka etter utflytting og 2017 blei ny rekord, med 86 millionar kroner i driftsinntekter.
- 2017 var eit "all time high" år, seier Helland.
I fjor nådde ikke selskapet like høgt, målt i driftsinntekter (sjå tabell). Selskapet lukkast godt i konkurransen, men mengda oppdrag å konkurrer om var mindre i 2018 enn i 2017.
I år ventar Helland at selskapet vil selje for rundt 80 millionar kroner.
Neste nysatsing som blir lansert frå selskapet blir møblar med innebygd velferdsteknologi, som til dømes stolen med telefonfunksjon. Velferdsteknologi kan vere eit hjelpemiddel som til dømes gjer at eldre kan bli buande lenger heime.
Sensorar kan gi melding til pårørande når nokon sit i stolen, og takka vere innbygd høgtalar, mikrofon og telefonteknologi i stolen er det berre å sette i gang samtalen.
Teknologi-samarbeid
Joakim Helland seier selskapet mellom anna samarbeider om teknologiutvikling med ALV, eit nettverksamarbeid mellom kommunane i Møre og Romsdal om utvikling og bruk av helseteknologi.Han ser også for seg å bygge inn fleire funksjonar i møblane, som til dømes å minne om når det er tid for å strekke litt på seg.
Kommunane i samarbeidet deler mellom anna på bruken av ei forsøksleilegheit på NTNU der ny helseteknologi blir testa.
Etterspurt
Så langt har Helland Møbler seld sine møblar i kontraktsmarknaden, der kundane er sjukehus, sjukeheimar og andre institusjonar.Tilbakemeldinga frå fleire av brukarane er at dei gjerne skulle hatt møblane i sine private heimar, seier Joakim Helland. Bedrifta har brukt lang tid på å avgjere korleis den kunne nå privatkundane, før den til slutt valde å satse på nettbutikk. Der sell selskapet den delen av kolleksjonen selskapet meiner passar best i private heimar.
Å selje gjennom etablerte møbelkjeder var ikkje aktuelt. Då blir du låst i eit rabattjag og misser kontrollen, etter Helland si vurdering.
Investeringa i nettbutikksystem og marknadsføring er til saman på mellom to og tre millionar kroner anslår han. I første omgang er nettbutikken ei avdeling i selskapet. Blir det vellykka er det aktuelt å skilje nettbutikken ut i ein eigen organsisasjon.
- Dette kjem vi til å utvikler meir, seier Helland.
Rekordår i 2017
I 2015 flytta Helland Møbler produksjonen til Estland og har i dag att hovudkontor, sal- og produktutvikling i Stordal. Der er det 12 tilsette. Rundt 80 prosent av inntektene kjem frå den norske marknaden.Driftsinntektene auka etter utflytting og 2017 blei ny rekord, med 86 millionar kroner i driftsinntekter.
- 2017 var eit "all time high" år, seier Helland.
I fjor nådde ikke selskapet like høgt, målt i driftsinntekter (sjå tabell). Selskapet lukkast godt i konkurransen, men mengda oppdrag å konkurrer om var mindre i 2018 enn i 2017.
I år ventar Helland at selskapet vil selje for rundt 80 millionar kroner.
Publisert: 30.04.2019 06:00
Sist oppdatert: 01.07.2022 00:00