Nytt
Helland vurderer investorar
Teknologisatsinga til Helland Møbler gjer at selskapet vil vurdere å få med investorar.
01.08.2019
- I løpet av eitt år vi vi måtte ta stilling til det, seier dagleg leiar Joakim Helland i Helland Møbler om ein eventuell invitasjon til investorar.
Møbelbedrifta i Stordal har spesialisert seg på møblar for eldre og andre som treng og ønskjer møblar som er lette å sette seg ned i og kome opp av. No arbeider selskapet med å utvikle og bygge fleire typar velferdsteknologi inn i møblane. Det handlar mellom anna om sensorar for varsling og kommunikasjon.
Både om og korleis investorar skal vere med på satsinga er det selskapet skal vurdere framover.
Helland Møbler har allereie varsla at det arbeider med ein stol der sensorar kan gi melding til pårørande når nokon sit i stolen, og takka vere innbygd høgtalar, mikrofon og telefonteknologi i stolen er det berre å sette i gang ein samtale. Fleire produkt er på veg.
- Innan eitt år har vi spennande produkt, seier Helland.
Poenget med nettbutikken er å nå privatpersonar. I takt med at andelen eldre auka og fleire blir boande lenge heim reknar Helland med ein aukande marknad.
Investeringa i nettbutikksystem og marknadsføring er til saman på mellom to og tre millionar kroner anslo Helland til NETT NO tidlegare i år. I første omgang er nettbutikken ei avdeling i selskapet. Blir det vellykka er det aktuelt å skilje nettbutikken ut i ein eigen organsisasjon.
I fjor fall både driftsinntekter og lønsemd (sjå tabell).
Hellands vurdering er at det var marknaden som krympa. Selskapet vann stor sett anbodskonkurransene det var med på, men det var ikkje nok til å hindre tilbakegangen.
- Det var mangel på prosjekt, seier Helland.
2019 starta tregt, men etterspørselen tok seg opp om våren og etter første halvår ligg selskapet omlag på line med fjoråret.
Helland Møbler er eigd av Helland Eiendom, som er eigd av brørne Joakim og Runar Helland, og faren Sindre.
Møbelbedrifta i Stordal har spesialisert seg på møblar for eldre og andre som treng og ønskjer møblar som er lette å sette seg ned i og kome opp av. No arbeider selskapet med å utvikle og bygge fleire typar velferdsteknologi inn i møblane. Det handlar mellom anna om sensorar for varsling og kommunikasjon.
Marknadsføring kostar
Teknologisatsinga kostar, ikkje berre utviklingsarbeidet, men også marknadsføringa etterpå.Både om og korleis investorar skal vere med på satsinga er det selskapet skal vurdere framover.
Helland Møbler har allereie varsla at det arbeider med ein stol der sensorar kan gi melding til pårørande når nokon sit i stolen, og takka vere innbygd høgtalar, mikrofon og telefonteknologi i stolen er det berre å sette i gang ein samtale. Fleire produkt er på veg.
- Innan eitt år har vi spennande produkt, seier Helland.
Nettbutikk
I vår opna Helland Møbler sin eigen nettbutikk. Så langt har Helland Møbler seld sine møblar i kontraktsmarknaden, der kundane er sjukehus, sjukeheimar og andre institusjonar.Poenget med nettbutikken er å nå privatpersonar. I takt med at andelen eldre auka og fleire blir boande lenge heim reknar Helland med ein aukande marknad.
Investeringa i nettbutikksystem og marknadsføring er til saman på mellom to og tre millionar kroner anslo Helland til NETT NO tidlegare i år. I første omgang er nettbutikken ei avdeling i selskapet. Blir det vellykka er det aktuelt å skilje nettbutikken ut i ein eigen organsisasjon.
Ned etter rekord
2017 blei eit rekordår for selskapet.I fjor fall både driftsinntekter og lønsemd (sjå tabell).
Hellands vurdering er at det var marknaden som krympa. Selskapet vann stor sett anbodskonkurransene det var med på, men det var ikkje nok til å hindre tilbakegangen.
- Det var mangel på prosjekt, seier Helland.
2019 starta tregt, men etterspørselen tok seg opp om våren og etter første halvår ligg selskapet omlag på line med fjoråret.
Helland Møbler er eigd av Helland Eiendom, som er eigd av brørne Joakim og Runar Helland, og faren Sindre.
Publisert: 01.08.2019 06:00
Sist oppdatert: 01.07.2022 00:00