Nytt
Hellesylt-Geiranger tur retur på batteri
Selskapet The Fjords er sikre på at ei ny, batteridriven bilferje på Geirangerfjorden berre treng lading på Hellesylt. Frå 2023 skal sambandet vere utsleppsfritt.
19.12.2019
Rekkevidda til batteridrivne båtar har vore eit argument for at ferja på Geirangerfjorden må ha hydrogen som drivstoff for å vere utsleppsfri.
Selskapet The Fjords, som driv ferjeruta i dag, meiner ferja fint kan klare seg med lading på Hellesylt, i følgje administrerande direktør John Vonli.
- Det er teknisk forsvarleg å gjere, seier Vonli om batteridrift.
No har The Fjords kome så langt i vurderingane at selskapet er sikker på at det let seg gjere å gå fram og tilbake på ei lading.
Det er Møre og Romsdal fylke som avgjer krava til bilferja på Geirangerfjorden.
Dagens avtale går ut i mars 2022 og retten til å drive ferjeruta etterpå blir lyst ut i løpet av første halvår i 2020.
Samferdselsutvalet i fylket vedtok i oktober i år at kravet for å kunne drive sambandet er at ferja skal vere utsleppsfri frå våren 2023. Det gir den som skal konkurrere om å få drive ferjasrtrekning kan bruke ei ferje som går på diesel i eitt år, før ei heilt utsleppsfri ferje må vere på plass.
Frank Sve (Frp), som sit i samferdslesutvalet foreslo å vedta krav om at ferja skal bruke hydrogen som drivstoff, men fekk berre med seg SV på det framlegget. Dermed blir det ingen krav til kva som skal vere energikjelde, berre ferja er utsleppsfri.
For å gjere sambandet meir attraktivt er avtaleperioden 15 år, i staden for dei 10 åra som er vanleg i andre samband.
Selskapet The Fjords, som driv ferjeruta i dag, meiner ferja fint kan klare seg med lading på Hellesylt, i følgje administrerande direktør John Vonli.
- Det er teknisk forsvarleg å gjere, seier Vonli om batteridrift.
Betre batteri
Tidlegare The Fjords-sjef, Rolf Sandvik, sa alt i februar 2018 at han trudde batteriteknologien ville utvikle seg så raskt at eit batteriferje med lading berre på Hellesylt ville vere innan rekkevidde i løpet av eit par år.No har The Fjords kome så langt i vurderingane at selskapet er sikker på at det let seg gjere å gå fram og tilbake på ei lading.
Hydrogen er alternativ
Vinje seier at The Fjords også vurderer ferje som går på hydrogen om selskapet skal vere med i konkurransen om å drive sambandet etter mars 2022. (Også Hydrogenferjer har el-motorar, men i staden for batteri blir hydrogen bruk til å drive brenselsceller som produserer elektrisert ombord. Utslepp frå ei brensecelle er vatn).Det er Møre og Romsdal fylke som avgjer krava til bilferja på Geirangerfjorden.
Dagens avtale går ut i mars 2022 og retten til å drive ferjeruta etterpå blir lyst ut i løpet av første halvår i 2020.
Samferdselsutvalet i fylket vedtok i oktober i år at kravet for å kunne drive sambandet er at ferja skal vere utsleppsfri frå våren 2023. Det gir den som skal konkurrere om å få drive ferjasrtrekning kan bruke ei ferje som går på diesel i eitt år, før ei heilt utsleppsfri ferje må vere på plass.
Frank Sve (Frp), som sit i samferdslesutvalet foreslo å vedta krav om at ferja skal bruke hydrogen som drivstoff, men fekk berre med seg SV på det framlegget. Dermed blir det ingen krav til kva som skal vere energikjelde, berre ferja er utsleppsfri.
Får drive i 15 år
Ferjeruta Geiranger-Hellesylt er eit reint kommersielt samband der det ikkje er noko tilskot frå fylket til drifta.For å gjere sambandet meir attraktivt er avtaleperioden 15 år, i staden for dei 10 åra som er vanleg i andre samband.
Publisert: 19.12.2019 17:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48