Helsa med flagg og ros fraa foerste passasjeren
JOMFRUTUR: Jørn Erik Schanke var den aller første passasjeren som tok Gabriele frå Ålesund til Fosnavåg. Han rosar opplegget.
Nytt

Helsa med flagg - og ros frå første passasjeren

Stort oppmøte på kaia i Fosnavåg på jomfruturen til 'Gabriele', men ingen gjekk om bord. Han som gjekk på land var strålande fornøgd.

13.08.2020
- Det er nesten uverkeleg å få eit slikt rutetilbod som har vore på folkemunne så lenge eg kan hugse.
- No må å aktivt bruke dette tilbodet så langt det let seg gjere, seier Jørn Erik Schanke, som var den første passasjeren frå Ålesund til Fosnavåg.

- Effektiv rute

Schanke arbeider i Atea i Fosnavåg, men hadde vore på møte med kollegaer i Ålesund.
- For meg var dette ei god oppleving. Ei effektiv rute, med mulegheit for å jobbe eller kople av, kanskje begge deler.
- Dei fleste av oss kan leggje planar med ein viss fleksibilitet, så her må ein legge godsida til og jobbe aktivt for at dette blir eit permanent tilbod.
Schanke rettar ein stor takk til alle som har stått bak satsinga. Ein av dei er Kåre Molvær.
- No er vi i gang, og så skal vi marknadsføre dette tilbodet sterkare etter kvart, sa Kåre Molvær, ved ankomst Fosnavåg.

Les også:


- Håper dei lukkast

På kaia var det likevel eit femtitals frammøtte, der mange stilte med flagg.
Ein av dei var ordførar Bjørn Prytz.
- Dette er ei frisk satsing. Eg håper verkeleg dei lukkast, seier Prytz.
Cruise Service skulle opphavleg starte ruta 10. august, men båten vart litt forseinka etter eit verkstedopphald ved Fiskerstrand Verft.

Startar med ein tur

I første omgang satsar selskapet på ein dagleg avgang sørover, og ein nordover.
Cruise Service seglar til vanleg turar for cruiseturistar. I år måtte dei legge om til eit alternativt opplegg etter at koronapandemien har sett ein stoppar for cruiseturismen. Ålesund-selskapet har også sightseiing-tur i Ålesund-området med MS Bruvik.
Planen er at frå 1. mai til 30. september vil båten segle ytre leia over Flø, til Fosnavåg og Flåvær til Sandshamn og Åheim. Frå 1. oktober til 30 april vil den gå indre leia og ha stoppestad på Eiksund og Larsnes og Åramsundet.
Det blir korrespondanse med hurtigbåten Selje-Bergen begge vegar.

Les også:




Publisert: 13.08.2020 21:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01