Hentar 258 millionar
LUKKAST: Styret i Salmon Evolution har lukkast med kapitalinnhentinga som skal sikre bygging av første byggtrinn. Fremme frå venstre; styreleiar Kristofer Reiten, Frank Småge, Frode Kjølås, Ingjarl Skarvøy. Bak fra høgre: Glen Bradley, Peder Stette, Per Olav Mevold, Anders Sandøy
Nytt

Hentar 258 millionar

Oppdrettsanlegg på land lukkast med kapitalinnhenting midt i koronakrisa. Halsebakk blir største aksjonær.

23.03.2020
Dagens aksjonærar i Salmon Evolution skyt inn 107 millionar i emisjonen. Roger Halsebakks selskap Ronja Capital blir ny medeigar og går inn med omlag 70 millionar kroner.
Ronja Capital er største aksjonær i selskapet, med 19,6 prosent av aksjane etter kapitalutvidinga.

Koronaprega marknad

Salmon Evolution-sjef Odd Tore Finnøy fekk koronakrisa midt i under kapitalinnhentinga.
- Det prega finansmiljøet og kapitalmarknaden i stor grad og har gjort at det ikkje er råd å vere trygg eller sikker, seier han om korleis epidemien og tiltaka mot den slo ut i arbeidet med å hente i pengar.
Men kapitalinnhentinga lukkast, og Finnøy meiner mellom anna eit langvarig gjensidig kjennskap mellom dei nye aksjonærane og selskapet er ein av grunnane til at det blei suksess.
- Det er vi utruleg godt fornøgd med, og syns det er ei fjør i hatten, seier han.

Lokale ringverknadar

Det er Ålesund-selskapet Artec Aqua som skal stå for prosjektering av anlegget. Det blir den største kontrakten Artec Aqua har hatt og kan også føre til fleire liknande oppdrag for Artec Aqua framover.

Også andre selskap på Nordvestlandet kjem til å få oppdrag med å bygge det landbaserte oppdrettsanlegget.
- Det blir ein stor andel, seier Finnøy om omfanget av oppdrag til lokale selskap.

Åtte prosent av norsk produksjon

Når det landbaserte oppdrettsanlegget i Fræna er heilt ferdig vil det produsere nesten 31 tusen tonn sløyd laks i året. Då anlegget blei lansert første gang vart det sagt at prisen ville bli tre milliardar, men i den planen som det no blir arbeidd etter er produksjonen auka med omlag 20 prosent samanlikna med den opphavlege planen.
Då dagleg leiar Odd Tore Finnøy presenterte planane til Salmon Evolution i Shippingklubben i Ålesund tidlegare i år sa han at selskapet kan bygget enda meir i Fræna og minst doble produksjonen frå 31 tusen tonn. Og det skal ikkje stoppe der. Det er fleire stadar langs kysten som egnar seg for landbaserte oppdrettsanlegg, i følgje Finnøy.
Målet er å kome opp i 100 tusen tonn sløyd laks i året, seier han. Det utgjer nesten åtte prosent av den norske oppdrettsproduksjonen av laks og aure.

Dette er eigarane

Romsdalsfisk, som var største eigar før kapitalutvidinga, eig no 18,8 prosent, like under Ronja Capital (NY) sin post på 19,6 prosent.
Her er resten av aksjonærlista, slik den ser ut etter kapitalutvidinga. Det (NY) bak nye aksjonærar:
Farvatn Private Equity AS 14,0 % (NY)Rofisk AS 12,6 %Artec Holding AS 7,3 %Kjølås Stansekniver AS 7,0 %Stette Invest AS 7,0 %Jakob Hatteland Holding AS 5,6 % (NY)Terra Mare AS 2,2 %Salmoserve AS 1,7 %Ocean Supreme AS 1,4 % (NY)Småge Eiendom AS 1,4 %Flataker Eiendom AS 0,7 % (NY)AKSA Holding AS 0,1 % (NY)Tilsette 0,7 % (NY)

Publisert: 23.03.2020 10:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54