Her blir det fullt koeyr til over sommaren
FULLT OPP Å GJERE: Dei Evotec-tilsette vil ha nok å gjere til over sommaren. Frå høgre: Ingunn Sporstøl, Håvard Haanes og Torkjell Ringstad. 
Nytt

Her blir det fullt køyr til over sommaren

Har sikra ny storkontrakt og treng fleire folk.

Marius Rosbach
06.01.2021
Ulsteinvik-baserte Evotec har kapra ein ny kontrakt til ein verdi av nær 30 millionar kroner med ein ikkje namngitt asiatisk kunde.
– Dette i tillegg til fleire andre større leveransar gir fullt trøkk på både teknisk avdeling og ikkje minst i vår produksjon til over sommaren, fortel Torkjell Ringstad som leiar sal og marknad i ei pressemelding.

Treng fleire folk

NETT NO får opplyst frå Evotec-sjef Jogeir Romestrand at dei aller fleste tilsette no er tilbake på jobb, og at berre ein eller to framleis er ute i permisjon.
Samtidig søker dei etter folk med kompetanse på andre områder. For augneblinken dreiar det seg om tre til fire personar.
Evotec blei i fjor omorganisert og kom innunder paraplyen til Entec Group, saman med Brimer, og Servitech.

– Ein stor prestasjon

Den nyaste kontrakten dreiar seg levering av ei vinsjeløysing med eit komplett system for sokalla hiv-kompenserte operasjonar. Prosjekteringsarbeidet er allereie i gong og installasjonen vil skje i løpet av andre kvartal i år.
Torkjell Ringstad påpeiker at dette er ein betydeleg kontrakt.
– At vi har klart å hale i land denne kontrakten med dei utfordringar som dagens pandemi fører med seg, er rett og slett ein stor prestasjon, seier han.

Vekst og betre lønnsemd

Pilene har peiker oppover for Entec Group-selskapa. 2019 enda med gode resultat for både Evotec i Ulsteinvik og Brimer, medan Servitech enda med eit lite underskot.
Dei to sistnemnte selskapa er slått saman med Hareid-selskapet Utbyggingsteknikk, som blei kjøpt opp i fjor.
Den samla arbeidsstokken for selskapa har gått opp det siste året. Brimer og Servitech har no drygt 110 tilsette til saman. Evotec som også er med i Entec Group, har om lag 50 tilsette.

Les også:




Publisert: 06.01.2021 13:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10