Her dankar klippfisken ut laksen
LISBOA: Sjømat-utsending Johnny Thomassen får servert bacalao på restauranten Carvela de Ouro i Lisboa.
Nytt

Her dankar klippfisken ut laksen

I Portugal vert det sagt at det er lettare å finne ei nål i ein høystakk enn ein restaurant som ikkje har klippfisk på menyen.

28.04.2018
- I tillegg vert det sagt at ei god kone må kunne minst 365 bacalao-oppskrifter før ho giftar seg.
Det seier Johnny Thomassen, Sjømatrådet sin fiskeriutsending i Portugal.

- Prima kvalitet

På restauranten Caravela de Ouro i Lisboa går det i alle fall klart mest klippfisk. Det stadfestar innehavar Maria Emilia Lopes.
Og klippfisken er synonymt med bacalao laga av norsk torsk.
- Prima kvalitet frå Norge, fastslår Lopes.
Ho har mellom 100 til 150 gjestar innom restauranten kvar dag, og to tredjedeler et fisk, og då aller mest bacalao, sjølv om det også er fleire kjøtrettar på menyen.
I familierestauranten arbeider både mannen og to av barna deira.
Og kva slags klippfisk lagar ho sjølv når ho inviterer vener til middag heime?
- Nei, kvar dag er vi her. Frå åtte om morgonen til tolv om kvelden, så det vert ikkje tid til noko middag heime, svarar ho.

Først med laks

Johnny Thomassen starta i Sjømatrådet i 2016. Bergensaren kom då frå stillinga som som administrerende direktør i Lerøy Portugal (tidligere Port NOR), eit selskap han etablerte i 1991.
Han var den første aktøren som importerte norsk laks til Portugal.
No arbeider han både for klippfisk, laks og annan norsk sjømat.
Han kan glede seg over at også importen av norsk laks aukar, og då spesielt laks til sushi.
- Berre i Lisboa er det rundt 100 sushi-restaurantar, seier han.
Laks er no femte størst i Portugal, med torsk klart på topp, føre lysing, sardiner og akkar.

Lokkemiddel

Sjølv om portugisarane er kjende for å ete mykje meir fisk enn kjøt, ser ikkje sjømatkonsumet til å gå ned.

Og tilbod på fisk, og då spesielt klippfisk, vert brukt som lokkemiddel for å få folk inn på kjøpesenter og matbutikkar.
Prisen på klippfisk ligg normalt på 8 til 14 Euro kiloen, alt etter kor stor fisken er.
For utvatna klippfisk i porsjonspakningar er prisen litt høgare.

- Som med vin

I snitt kjøper portugisarane 2,3 kilo klippfisk kvar gong, og normalt kjøper dei heile fisken, som dei får skoren opp i passelege bitar på butikken.
Thomassen seier at portugisarar er minst like opptatt av kvalitet som av pris når det gjeld klippfisk.
- Dette er alvorlege saker, og for portugisarar er det stor skilnad på klippfisk og klippfisk. Dei har ei heilt klar oppfatning om korleis fisken skal vere.
Han seier at til lenger fisken har lege i salt, til betre er det.
- Dette er litt som med vin. Her snakkar ein om saltmodning av fisken.

Mange et ute

I Portugal er det no stor optimisme etter fleire tunge år. Arbeidsløysa er på veg ned, økonomien blomstrar, ikkje minst takka vere sterk vekst i turismen.
Optimismen viser også att i restaurant-marknaden.
- Veldig mange portugisarar brukar forholdsmessig mykje pengar på å ete ute, gjerne saman med vener. Og ofte er det fisk som då er førstevalet, seier Thomassen.

Omdømebygging

Han seier at Sjømatrådet brukar mykje tid på omdømebygging og kvalitetssikring.
- Det skal veldig lite til før ein får ein omdømesmell.
Også media har stor fokus på fiskekvalitet.
- Om det vert funne antibiotika i ein norsk laks, skal du vere ganske trygg på at det over alt i portugisisk media fort vert oppslag om at all norsk laks er full av antibiotika.
- Difor er det viktig å vere føre var, og gjere eit grundig nok arbeid i fredstid for å stå imot i krigstid.
Dette er alvorlege saker, og for portugisarar er det stor skilnad på klippfisk og klippfisk

Publisert: 28.04.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21