Her er A Alesunds ukjente seismikkreiar
SEKS BÅTAR: Tidlegare sjøkaptein Sigurd Rekkedal frå Bondalen i Ørsta har segla på fiskebåtar og offshorefarty over store deler av verda. No leier han Marine Management i Ålesund, med 13 tilsette på kontoret og rundt 250 tilsette på skipa.
Nytt

Her er Ålesunds ukjente seismikkreiar

Frå kontora i Apotekergata styrer Sigurd Rekkedal og kollegane i Maritime Management seks skip, fem i seismikkbransjen og ein fiskebåt.

24.11.2017
Det er her "Coastal Odyssey" hamna då Remøy Shipping selde seismikkfartyet tidlegare i haust.

Det 12 år gamle skipet har ligge i opplag sidan februar 2016. No går det inn i Maritime Management-flåten og erstattar 1972-bygde Sigma.
Maritime Management har tru på eldre farty. Med unntak av "Coastal Odyssey er alle seismikkbåtane bygde før år 2000.
- Vi har vore bestemt på å ikkje bygge store og nye båtar, seier dagleg leiar Sigurd Rekkedal.

Byggestopp

Rekkedal trur det vil gå svært lang tid før det blir bygd nye seismikkskip igjen.
- Det kjem ikkje til å bli bygd ein einaste seismikkbåt dei neste 10 åra, spår han.
Grunnen er overkapasitet i marknaden kombinerte med nye måtar å samle inn seismikkdata på. Ved å plassere lyttestasjonar rett på havbotnen i staden for å slepe lyttekablar etter skip kan oljeselskapa få meir presis informasjon.
Det er same metoden som Axxis Geo Solutions satsar på, ein metode som endrar behovet for seismikkskip.

Tilfeldig start

Maritime Management og skipa i flåten er eigd av Westcon Geo, eit dotterselskap av Westcon Group i Ølen i Rogaland.
Westcon Group, som byggjer og vedlikeheld både skip og oljeinstallasjonar, kom inn i shipping litt tilfeldig, fortel Rekkedal.
Det starta med trålaren Vardberg i 2002. Planen var at den skulle byggast om til seismikkfarty for PGS. Men det blei det ingenting av, og dermed blei verftet sittande med båten.
Varberg fiskar no utanfor Mauritania i Afrika.

13 tilsette

Kontoret i Ålesund har 13 tilsette, som skaffar oppdrag og tek seg all drift av båtane.
På skipa er det omlag 250 sjøfolk.
Rekkedal seier dei i stor grad har greidd å halde flåten i arbeid etter oljeprisfallet, men at dei merkar at det er prisane for å leige ut båt og mannskap er pressa. I gjennomsnitt har ein til to båtar vore i opplag sidan oljeprisen fall, resten i arbeid.

Publisert: 24.11.2017 11:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16