I heile Møre og Romsdal er det no 7.502 personer som er heilt utan arbeid, viser ferske tal frå NAV. Dette er ein nedgang på 4.154 sidan april.
Andelen heilt ledige er dermed redusert fra 8,4 % til 5,4 % den siste månaden.
På Sunnmøre er Hareid verst stilt med 217 heilt ledige, som utgjer 8,3 prosent. Også Herøy, Ulstein og Stranda ligg over sju prosent.
Best stilt er Sykkylven med 171 heilt ledige, noko som ugjer 4,2 prosent av arbeidsstyrken.
I Sykkylven er det derimot heile 975 delvis ledige, noko som utgjer 23,9 prosent.
Samstundes har talet på delvis ledige auka med 11,5 prosent.
Totalt er det no 2.411 personar delvis utan arbeid i Ålesund, noko som utgjer 6,7 prosent av arbeidsstyrken.
– Blant de 7.502 helit ledige er det 3 540 som er permitterte. Det vil seie at nesten 4.000 av de som er helit ledige er ikkje permitterte, seier direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal.
Blant dei over 9.000 som er delvis ledige, er det 7 179 permitterte.
- Dei som ikkje er permitterte i denne gruppa utgjer dermed 1.866, noko som tilsvarar ein auke på rundt 500 når vi samanliknar med februar i år, seier Veland.
– Dette er nesten litt meir enn eg hadde håpa på, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
Arbeidsløysa i Vestland er no på 6,1 prosent og Norge har noko meir med 6,4 prosent.
Om lag halvparten av dei heilt ledige er 100 prosent permittert, og utgjer 10.712 personar.
– Når samfunnet no opnar i stadig større grad, ventar vi at mange av desse kjem delvis eller heilt tilbake til arbeid framover, seier Bogsnes.
181.500 personar er registrerte som heilt arbeidslause hos Nav. Det utgjer 6,4 prosent av arbeidsstyrken.
Nedgangen i arbeidsløysa kjem i hovudsak av færre permitterte.
Langt færre registrerte seg som nye arbeidssøkjarar hos Nav i mai samanlikna med april. Av desse er litt meir enn halvparten permitterte og delen har minka kraftig sidan april, då tre av fire var permitterte.
– Arbeidsløysa er framleis historisk høg, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Andelen heilt ledige er dermed redusert fra 8,4 % til 5,4 % den siste månaden.
På Sunnmøre er Hareid verst stilt med 217 heilt ledige, som utgjer 8,3 prosent. Også Herøy, Ulstein og Stranda ligg over sju prosent.
Best stilt er Sykkylven med 171 heilt ledige, noko som ugjer 4,2 prosent av arbeidsstyrken.
I Sykkylven er det derimot heile 975 delvis ledige, noko som utgjer 23,9 prosent.
Fleire delvis utan arbeid
I Ålesund har talet på heilt ledige gått ned med 38 prosent sidan april. Det er no 2.046 personar heilt utan arbeid.Samstundes har talet på delvis ledige auka med 11,5 prosent.
Totalt er det no 2.411 personar delvis utan arbeid i Ålesund, noko som utgjer 6,7 prosent av arbeidsstyrken.
Mange er ikkje permitterte
I fylket har talet på delvis ledige auka med 1 330 personar til 9.045.– Blant de 7.502 helit ledige er det 3 540 som er permitterte. Det vil seie at nesten 4.000 av de som er helit ledige er ikkje permitterte, seier direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal.
Blant dei over 9.000 som er delvis ledige, er det 7 179 permitterte.
- Dei som ikkje er permitterte i denne gruppa utgjer dermed 1.866, noko som tilsvarar ein auke på rundt 500 når vi samanliknar med februar i år, seier Veland.
- Nesten meir enn eg håpa på
Talet på heilt arbeidsledige i Vestland fylke er redusert med 10.675 personar frå april til 20.677 ved utgangen av mai.– Dette er nesten litt meir enn eg hadde håpa på, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
Arbeidsløysa i Vestland er no på 6,1 prosent og Norge har noko meir med 6,4 prosent.
Om lag halvparten av dei heilt ledige er 100 prosent permittert, og utgjer 10.712 personar.
– Når samfunnet no opnar i stadig større grad, ventar vi at mange av desse kjem delvis eller heilt tilbake til arbeid framover, seier Bogsnes.
- Framleis historisk høgt
På landsbasis er det no 355.400 heilt eller delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak hos Nav. Det utgjer 12,6 prosent av arbeidsstyrken og er 65.600 færre frå april.181.500 personar er registrerte som heilt arbeidslause hos Nav. Det utgjer 6,4 prosent av arbeidsstyrken.
Nedgangen i arbeidsløysa kjem i hovudsak av færre permitterte.
Langt færre registrerte seg som nye arbeidssøkjarar hos Nav i mai samanlikna med april. Av desse er litt meir enn halvparten permitterte og delen har minka kraftig sidan april, då tre av fire var permitterte.
– Arbeidsløysa er framleis historisk høg, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Når samfunnet no opnar i stadig større grad, ventar vi at mange av desse kjem delvis eller heilt tilbake til arbeid framover
Publisert: 29.05.2020 10:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57