Nytt
Her er aksjonærane bak Pir-satsinga på Bagid
Aksjonærane i Pir Invest II blir eigarar av 23,5 prosent i bagasjemerke-selskapet Bagid.
07.12.2018
Pir Invest-miljøet spring ut av grunnleggarane av Optimar, som tidlegare i år blei seld til det tyske selskapet Haniel.
Tidlegare i år har Pir Invest-miljøet investert 32 millionar kroner i sjukehussengselskapet Ably Medical, gjennom selskapet Pir Invest I.
Modellen for Pir Invest-miljøet er å etablere eitt selskap for kvar investering, der kven som blir med varierer.
I Pir Invest II er det 12 eigarar; Erik Westre, Hogne Johan Worren, Asbjørn Solevågseide, Bjørn Oscar Klovning, Roger Halsebakk, Amund Pedersen, Peder Stette med familie, Hilde Pettersen Notø, Frode Håkon Kjølås, Stein M. Pettersen Notø, Ole-Reinhart Notø og Ragnhild Nilsen.
Då investorsatsinga blei lansert i vår sa Solevågseide at investeringane til Pir Invest-eigarane vil ligge mellom ein og 30 millionar kroner i kvart selskap dei går inn i, med tyngdepunktet av investeringane mellom ein og ti millioner kroner.
Dei fleste investeringane vil skje i bedrifter som er i ein tidlig fase i livssyklusen, typisk den første eller andre kapitalutvidinga, men Solevågseide rekna også med at det også kan bli gjort investeringar i bedrifter heilt fra starten.
Tidlegare i år har Pir Invest-miljøet investert 32 millionar kroner i sjukehussengselskapet Ably Medical, gjennom selskapet Pir Invest I.
Investerer i bagasjemerking
No har Pir Invest-miljøet gått inn i Bagid, gjennom eit nytt selskap, Pir Invest II.Modellen for Pir Invest-miljøet er å etablere eitt selskap for kvar investering, der kven som blir med varierer.
I Pir Invest II er det 12 eigarar; Erik Westre, Hogne Johan Worren, Asbjørn Solevågseide, Bjørn Oscar Klovning, Roger Halsebakk, Amund Pedersen, Peder Stette med familie, Hilde Pettersen Notø, Frode Håkon Kjølås, Stein M. Pettersen Notø, Ole-Reinhart Notø og Ragnhild Nilsen.
Ein til 30 millionar
Dagleg leiar Anja Solevågseide i Pir Cowork har koordineringsansvaret i Pir Invest-selskapa.Då investorsatsinga blei lansert i vår sa Solevågseide at investeringane til Pir Invest-eigarane vil ligge mellom ein og 30 millionar kroner i kvart selskap dei går inn i, med tyngdepunktet av investeringane mellom ein og ti millioner kroner.
Dei fleste investeringane vil skje i bedrifter som er i ein tidlig fase i livssyklusen, typisk den første eller andre kapitalutvidinga, men Solevågseide rekna også med at det også kan bli gjort investeringar i bedrifter heilt fra starten.
Publisert: 07.12.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29